Nesten død
21 Jun 2010
Eg har i dag hatt ein nær-døden opplevelse. Eg vart av ein eller annan grunn henta inn som kriseløysing for sjølvaste Øystese 2 sin kamp mot storlaget Fusa 2, i ein prestisjefylt sjuendedivisjonskamp på ei slakk grasmatte i Fusa. Eg såg for meg 90 minuttar på spissplass i denne posituren. Eg endte istaden opp med å bli tilbudt skyss “heim” av denne karen. 85 minuttar på sentral midtbane blei for mykje for dei patetisk dårleg trente beina mine. Eg har dog noko å skulde på. Eg gjekk nemlig til Blånuten (ein lokal fjelltopp), like i forkant av storoppgjeret. Exiten frå banen var av det rullande slaget, ikkje ulikt rulleteknikken me ser på mange brasilianske VM- spelarar som blir “skada”. Me tapte for øvrig kampen 1-2. Eg markerte meg finfint med fleire langskudd som ikkje hadde gått inn om ein hadde satt eit mål til oppå det som var der. Også godt å kjenne at feilpasningane satt som dei pleier to veker før årets fotballhøgdepunkt( ikkje at det er så mange å velge mellom), Tysnes Cup.
No har eg så supervondt i bein og lysk at eg skal putte Ibuprofen i ein random smurfepakke (som kvikke lesarar vil huske at er eit soleklart teikn på at eg er ubrukeleg nok ein gong), og kose meg med dei saman med nokre episodar O.C, som blant anna inneheld dei flotte menneska til høgre. Ingenting som eit deilig teenage-drama for å ta vekk smerte av forskjellige typar.






Ivar
Jun 21, 2010 @ 15:07:03
Er dette sunt med tanke på volleyball?
Yngve
Jun 21, 2010 @ 15:19:15
Variasjon er fint. Gjorde ikkje meir vondt enn volleyball heller, egentlig.
Ivar
Jun 22, 2010 @ 14:55:55
Har ikkje sett deg gå av volleyballbanen med brasilianske fotballspelarar sin rulleteknikk.