Tegn på at du er ubrukelig
18 Jun 2010
Nokon gongar kjedar ein seg så utruleg mykje og gjer så utruleg lite fornuftig at det kjennest som om tida går bakover, og at det einaste du i praksis utrettar, er å korte ned tida til du dør. Ikkje alltid eit dumt gjeremål, forøvrig. På dette tidspunktet er du totalt ubrukeleg.
Det finst eit par sikre teikn på at du er fullstendig ubrukelig i verda på akkurat det tidspunktet:
- Du sit med dataen og spelar kabal, FreeCell eller Minesveiper og refreshar Facebook med cirka tretten sekunds mellomrom. Kanskje ryddar du litt på PC’en og, eller lurer skikkelig på kor på skrivebordet du skal plassere papirkurven i forhold til resten av ikona.
- Du vandrar kvilelaust (for ikkje å sei fullstendig meiningslaust) rundt i huset og ser med jevne intervallar fleire minuttar i kjøleskapet og ellers andre skap, på jakt etter noko tilnærma smakfullt som du kan brutalt og ekkelt glefse i deg. Klassisk drit er gammal pin-up is og random smurfepakkar innerst i godteskapet.
- Du ser på ein dustete serie som du egentlig er fullstendig uinteressert i. Det er godt mogleg at du faktisk hatar den (som jo faktisk gjer det litt meiningsfullt, hat, kanskje spesielt personhat, er etter mi meining deilig rekreasjon). Folk som faktisk genuint likar desse seriane er unnskyldt og fell utanfor kategorien. Dei fell derimot inn i ein annan kategori, nemlig den klassiske tullingkategorien. Klassiske døme på ein slik serie er Glamour, Days of our Lives og Passions (Nei, den var ikkje artig, den var seriøst verre enn afrikansk forsvarsspel).
Gjer du noko av dette, så må du seriøst finne på noko anna. Gjer nytte for deg på eit vis. Eg innsåg dette etter tre timar Transport Tycoon, konstant Facebook-refreshing, jevn og god skapkikking og ikkje minst då eg innsåg at eg såg på Ut i Naturen- jukeboks. På NRK. Eg er offisielt ubrukeleg. Det er for seint for meg, derfor prøver eg å redde dykk frå ein liknande skjebne. Ta vare på muligheten.






Suzanne
Jun 18, 2010 @ 04:26:51
Du underholder meg på skype da, så _helt_ ubrukelig er du ikke!
Øivind
Jun 18, 2010 @ 21:02:18
Er det et tegn på at du er ubrukelig dersom du henger på sundfjord.com?
Yngve
Jun 18, 2010 @ 21:09:13
Det er et tegn på at du er godkjeeeenbar!