Boing Pocket <3

Ettersom dagane mine heime i Ølve går treigare enn Gareth Barry spring, så har eg svært mykje time on my hands. Når eg har mykje time on my hands likar eg å ta fram gamle hemmeleg venn- brev, stilar eg skreiv, leiker eg leikte med, spel eg spelte og blad eg leste. I det siste har eg gjort sistnemnte. I ei bokhylle på rommet mitt står nemleg eit utal gamle Boing Pocket. Eg las gjennom nokon av desse, og lo og koste meg. Før synst eg dette var toppen når det gjaldt litteratur. Pocketane er framleis svært underhaldande, men no på ein litt annan måte. For dei sikkert mange som ikkje leste dei før, la meg fortelje litt om Boing Pocket.

Boing Pocket er små pocketbøker med små fotballhistoriar inni, omlag 100 sider. Dei er delt omtrent på midten, der eine delen er ein fargehistorie, medan den andre er i svart-kvitt. Av og til er det fleire historiar i kvar del, av og til er det berre ein historie i kvar del. Desse historiane er som regel svært enkle, og i dei aller fleste tilfelle fullstendig urealistiske og usannsynlige. Eit klassisk eksempel på ein historie er eit lag som slit skikkelig på botnen av tabellen i 3.divisjon, før dei kanskje tilset ein manager eller kjøper eller utviklar ein spelar som fører klubben rett til seriegull i Eliteserien. Eit anna eksempel er eit lag som har gjort det dårleg i serien, men som framleis er med i cupen. Som regel endar det med at dei kjem seg til finalen, ligg under 0-3 og vinn 4-3 etter eit spekatuklært brassespark av keeper i krysset på overtid. Slik er altså lista lagt for historiane. Målmenn som scorar, utespelarar reddar straffe, volleyskudd i krysset, utrulege opphentingar, hattrick i hytt og pine og mirakuløse redningar på strek. Sistnemnte bringer meg over på to karakterar som gjekk igjen i mange av desse historiane; Kevin Kline og Rodney Powell.

Desse to er rake motsetningar. Rodney Powell er den arrogante, blondhåra storsjarmøren som scorar eit tonn med mål, drar alle damene og gamblar vekk alle pengane sine før han veit ordet av det. Kevin Kline er den mørkhåra, stille mannen med bart som ALLTID taklar hardt men reint, sentrar, spring og reddar på strek med ein utruleg frekvens. Og han er såklart ekstremt jordnær. Sentralt i forteljingane er det at Kline og Powell eigentleg ikkje går overeins i det heile, men endar alltid med tilfeldighetar opp med å spele i samme liga eller på samme lag. Dette fører til mange konflikter som som regel ender med at Kline tar innersvingen på Powell. Når dei møtest i kamp er det så godt som alltid Kline som vinn og gjer Powell til latter, om ikkje Powell filmar seg til straffe eller juksar på anna vis. Eg tippar det skjer gjennomsnittleg to gonger i kvar historie at Powell har åpent mål og skyt knallhardt mot krysset, men i neste rute er Kline mirakuløst kome seg på streken og headar det knallharde skuddet til corner.

Heile Boing Pocket- fetisjen og at eg får meg sjølv til å skrive eit heilt innlegg om dette høyrest sikkert banalt ut, men det har ein utruleg nostalgisk verdi for meg. Men Boing Pocket har såvisst underhaldningsverdi den dag i dag. Å lese fotballhistoriar med minst eitt brassespark i krysset i kvar historie, er jaggu verdt å lese om igjen. Sjå døme på sinnsjuke Boing-prestasjonar nedanfor. Eg svergar, desse rutene fann eg ved å sjå gjennom tre av mine sikkert hundre Boing Pocket. Det er faktisk så voldsomt.

Ingen kommentarar

Legg att ein kommentar