Nytt ord
13 Jul 2010
Eg har jo som dei fleste etterkvart veit ingen jobb i sommar og ikkje noko liv ellers heller. Då får eg tid til å tenke over nye ord som kan fungere som snarvegar i det muntlege språket. Døme på slike snarvegar kan vere til dømes når David Villa skyt ballen og den treff ein motspelar på vegen mot eller utenfor mål. Då er det sjølvsagt mykje raskare å sei “og her skyt David Villa ein motspelar og i mål” enn “og her skyt David Villa via ein motspelar og i mål”. Obviously. Eit anna døme kan vere “Siljander er her” dersom eit blad av den nydelige familien skulle dukke opp. Då er det soleklart betre å sei “Siljander her” enn “Siljander er her”. Slike snarvegar gjer at snakking går føre seg marginalt raskare, og effektivisering er jo noko me alle strevar etter!
Det siste tilskuddet på lista over slike snarvegar er “Hallol”. Når folk seier idiotiske og irrasjonelle ting eg er fullstendig uenig med, som at medlemmane i Donkeyboy fortener å leve, plar eg ofte sei “hallo!” og deretter følge opp med ulike variantar av den hippe nerdeslangen “lol”. Den korte, geniale versjonen blir då sjølvsagt “Hallol” eller liknande. Andre døme kan vere “Hellul”, “Hallolz”, den meir sporty “Hallolympics” eller klassikaren “Hallolcopter”. Eg er godt nøgd med å ha oppnådd eit nytt, hipt ord i vokabularet mitt i dag. Sikkert meir enn eg har fått ut av dei fleste andre dagar i ferien så langt.
Ganske rart at eg som har så mykje tid på meg ikkje klarar å skrive meir meiningsfylte ting enn dette, men sånn er det visst ganske enkelt blitt på sundfjord.com.





