Boing Pocket <3
07 Jul 2010
Ettersom dagane mine heime i Ølve går treigare enn Gareth Barry spring, så har eg svært mykje time on my hands. Når eg har mykje time on my hands likar eg å ta fram gamle hemmeleg venn- brev, stilar eg skreiv, leiker eg leikte med, spel eg spelte og blad eg leste. I det siste har eg gjort sistnemnte. I ei bokhylle på rommet mitt står nemleg eit utal gamle Boing Pocket. Eg las gjennom nokon av desse, og lo og koste meg. Før synst eg dette var toppen når det gjaldt litteratur. Pocketane er framleis svært underhaldande, men no på ein litt annan måte. For dei sikkert mange som ikkje leste dei før, la meg fortelje litt om Boing Pocket.





