Random e-mail
28 Jul 2010
Eg kan ærleg seie at eg får mykje rar e-post i innboksen min. Alt frå mail frå efakturavarsel til Johan Kaggestad Fan Club eller negerkongar i Afrika som vil gi meg millionar av dollar. Den eg fekk nyleg overgår det meste. Som medlem av styret i Nyborg VBK, ligg mailadressa mi ute for alle å sjå. Dette er det tydelegvis nokon som har benytta seg av. I dag mottok eg følgjande mail:
Det er med andre ord, om denne e-posten er seriøs, ein eller annan rumener som ønsker å få tilsendt ein jævla vimpel frå Nyborg VBK, fordi han eller ho er “a great fan of your team”. Eg skal gjere alt i mi makt for å få sendt den vimpelen. Eg veit ikkje eingong om det EKSISTERER Nyborg-vimplar, men om det ikkje gjer det, skal eg jammen meg LAGE ein. KUN til ære for den vimpelsamlande rumeneren som sendte KLAGEMAIL til meg fordi han/ho ikkje hadde fått vimpelen han/ho ba om for eitt år sidan.
Når det er sagt, så anar eg ikkje om det er Nyborg-vimpel han ho er ute etter. Det står jo tross alt ingen plass i mailen. Eg trur eg sender ein Strand-Ulv- vimpel, eg. Men eg veit ikkje om det eksisterer Strand-Ulv- vimplar lenger heller. Faen.







Torgeir Vølstad
Jul 29, 2010 @ 22:29:24
Hei, du,
Eg fekk òg den same mailen. Tippar det er nokon som samlar på epost-adresser heller enn vimplar…
Yngve
Jul 29, 2010 @ 23:58:43
Det var synd
Eg skal jammen sende ein vimpel likevel og sjå kva som skjer. Vimplar er altfor lite brukt i dagens idrett.