U-four-ia

Sidan forrige post om Boing Pocket var ein nostalgisk sådan, skriv eg like godt ein til medan eg er i støtet. Like før eg fullførte Boing Pocket- posten, fant eg ved ein tilfeldighet eit gammalt NES- spel i ei øskje som står like ved kontorstolen vår. Omslaget såg ut som på biletet til høgre, og det vekte instantly mange gode minner.

Ufouria, eller Hebereke, som det er kjent som i Japan, blei utgitt i Europa i november 1992 og er så mykje som eit side-scrolling action-adventure-spel. Allereie no forstår ein kor kult dette er. Historien går ut på at Bop-Louie og vennane hans Freeon-Leon, Shades og Gil bur i ein überkoselig verden som heiter Ufouria. Ein dag kjem kvartetten over eit krater, og dei tre vennene til Bop-Louie fell nedi. Bop-Louie klatrar også nedi, men mistar hukommelsen. Han finn så ut at han må finne sine tre venner, som alle lid av hukommelsestap og angrip han når han prøver å redde dei. Når du vinn fighten mot kvar av dei, får dei hukommelsen tilbake og du kan nyte godt av deira evner og styrkar vidare i spelet. Når du har fått tilbake alle tre vennene, dreier spelet seg om å samle nøklar til å opne ein port til den siste bossfighten mot det naturlegvis superonde romvesenet Unyo. Nedanfor er ein smakebit av gameplayet. Pretty awesome.

Med eit stilig gameplay, eit kreativt galleri av karakterar og fiendar samt fullstendig uovertruffen og megakul 8-bits musikk og lydeffektar, var Ufouria eit av dei aller beste spela som blei gitt ut for NES, og kanskje det beste minnet mitt frå denne konsollen. Eg hugsar godt at meg og min gode nabo Vivian spelte dette spelet mykje og kalte det Vennespelet. Det var fint å vere ung. Ikkje at eg spesielt gammal no heller, men likevel.

Ifølge Wikipedia har spelet blitt relansert på Wii Virtual Console for ei knapp veke sidan, så kanskje det blir Wii med tilhøyrande VC på meg neste gong eg har zloty til overs (dvs. ein gong i 2015). Ettersom spelet kom i begrensa opplag på engelsk, skal det visstnok vere eit collector’s item, så kanskje ein dag kan eg selge spelet og få nok pengar til å kjøpe ein Wii? Ein ironisk og kjempesmart idè, om eg må sei det sjølv.

1 kommentar

1 kommentar

  1. Sundfjord » Blog Archive » Eit awesome fotografi
    Jul 17, 2010 @ 04:28:28

    [...] ein snill alien eller den eine figuren i U-four-ia som eg skreiv om i ein tidligare, meiningslaus post! Haha! [...]

Legg att ein kommentar