Alt for Noreg

Sist onsdag reiste eg avgårde til Steinkjer for å delta på landslagssamling. Me er 14 stykk som har trent og spelt og drylt og fiska og gørba og slengt oss og fått vondt og slete oss ut på treningar i Steinkjerhallen og Stodhallen, kyndig leda av Neven Kuresevic og Indo Haruya, to freshe trenarar.

Me sov på ymse stader, eg for eksempel sov i ein nedlagt barnehage. Andre sov hos privatfamiliar med store hus. Ellers har me gjennom egenandelen fått servert loads av måltid kvar dag. Nais. Me var i det heile tatt svært nøgde med opplegget.

Første dagen på samling skulle me ta maks knebøy og rekkeviddetest. Me begynte såklart med knebøy, sånn at rekkeviddetesten blei heilt ødelagt. Eg maksa iallfall 100kg på knebøyen, ein framgong på 100kg frå min tidligare pers :) Klarte ikkje hoppe noko særlig på rekkeviddetesten, så eg står framleis med 309 cm som pers. Litt dårlig. Så følgte 5 dagar med hard trening, med mykje instruksar frå Indo, som pirka på ting me ikkje har tenkt mykje på før. Nyttige og gode treningar. Dei to siste øktene blei det mykje speling = kjekt. Til slutt blei me fortalt uttaket til turen til Serbia. Eg var så heldig at eg vart teken ut her. Eg kan altså for første gong kalle meg landslagsspelar. Det kjennest ganske godt, av fleire grunnar.

No blir det steintungt å måtte fokusere på skule i ei heil veke før Serbiaturen. Må ta igjen den lærdommen eg har mista medan eg var vekke. Urk. Den som var profesjonell volleyballspelar.

5 kommentarar

5 kommentarar

  1. Helge
    Aug 24, 2010 @ 23:16:49

    309 er jo ikkje så gale. Sjelden du trenge hoppa så høgt for å ta i mot ein knallhard ball ;)

    Grattis som landslagsspelar.

  2. Frode
    Aug 24, 2010 @ 23:39:49

    Synes Yngve Sundfjord, landslagsspilleren, klinger bra. Sergio og du har mye felles nå, libero på landslaget for eksempel

  3. Jon Erlend
    Aug 25, 2010 @ 00:49:37

    Grattis med uttaket! ;) Var faen på tide at du blei tatt ut på eit landslag no! Mest undervurderte spilleren dei sisste åra på juniorlandslag! så Grattis igjen! Som sagt! PÅ TIDE! ;)

  4. Yngve
    Aug 25, 2010 @ 16:24:58

    Takk skal de ha!

  5. Torbjørn
    Aug 27, 2010 @ 12:12:22

    Gratulera så mykje Yngve!
    Fullt fortjent! stay frosty

Legg att ein kommentar