Min fredagskveld
28 Aug 2010
Då eg var ferdig på trening i kveld, fredag, rundt 19.30, visste eg ikkje heilt kva eg skulle gjere på resten av kvelden. Litt av tida gjekk til å lage mat, litt gjekk til å ete den. Litt gjekk til eting av klissekjeks, men mest av alt har den gått til det mest ubrukelige eg nokonsinne har brukt ein fredagskveld til – nemlig å sortere dei 522 facebookvennane mine inn i kategoriar.
Eg har nemlig alltid lurt litt på nøyaktig kor mange vennar som er frå nærområdet, kor mange eg har gjennom volleyballen og liknande. Eg jobba meg fram til åtte kategoriar; familie, bygdefolk (altså folk eg kjenner fordi dei er frå bygdene), volleyballfolk, fotballfolk, skulefolk, venners venner, World of Warcraft- folk og randoms. Etter å ha sett gjennom alle vennane, har eg komt fram til denne fordelinga:
- Familie : 23
- Bygdefolk : 147
- Volleyballfolk : 182
- Fotballfolk : 9
- Skulefolk : 65
- Venners venner: 70
- WoW- folk: 10
- Randoms : 16
Eg trudde kanskje eg hadde eit ganske stort nettverk utanom volleyballen, men der tok eg visst feil. Volleyballen utmerkar seg som den store kontaktskaparen i livet mitt. Mange av vennane mine fell inn under fleire kategoriar, men eg har prøvd å plassere dei i kategoriane som beskriv grunnen til at eg traff dei. Til dømes er ikkje dei eg spelte volleyball med på ungdomsskulen rekna i volleyballkategorien, fordi dei ville eg nok kjent uansett, på grunn av at me gjekk på skule i lag. Det blir også feil å plassere dei i skulekategorien, for me hadde antagelig framleis møttest. Ellers har eg sikkert venners venner i sju ledd utover, ettersom eg i fleire tilfelle har blitt kjent med ein venn av ein venn av ein venn som kjem frå bygdeområdet. Interessant ass. Anyway, den gøyale statistikken gir dette flotte kakediagrammet under, med prosentfordeling.







Namnaren ET
Aug 30, 2010 @ 21:56:32
Du må jo mekke en mappe med close shit wææ wææ friends!