Slutt på den endelause sumaren
15 Aug 2010
Det var vel 4.juni den dagen eg tok ferie frå Universitetet i Bergen. Eg tok ferie med litt sånn halvgod samvittighet, etter at eg følte eg hadde gjort det bra i to fag og særdeles random i eitt fag, noko som viste seg å stemme, ettersom eg enda opp ein E, ein B og ein “Bestått”. Lite visste eg om at eg etter denne dagen først skulle gjere noko fornuftig først 73 dagar etterpå.
Ja, du las riktig. Eg har hatt ferie i 73 dagar. Nesten to og ein halv månad. Grunnen til den ekstreme ferien er ikkje (berre) at eg er så lat. Grunnen er som tidlegare skreve at eg ikkje fekk sommarjobb denne sommaren. Dette stilte meg i utgangspunktet litt skralt til økonomisk, ein situasjon eg har løyst ved heroisk snylting på venner og familie, samt minimal mengde gøy (som alle veit, så kostar ekte lykke og gøy pengar) Ved feriens slutt ser ståa grei ut. Eg redda meg inn økonomisk og samvitsmessig ved å stille opp som trenar for nokre guteslampar på Radøyleiren. Leirens siste dag, torsdag, markerte at ferien min er over. På fredag den 13. (:O) tok nemlig skulen til att. Eg hadde på førehand sett for meg at INFO122 og INFO123 skulle vere dei vanskelege faga,
medan MEVI153 skulle vere litt meir chillpreg over. Men neida. MEVI153 viser seg å også ha superhøg stressfaktor. Lite kult for meg som har tidenes travlaste volleyballhaust føre meg, samtidig som eg skal forsøke å tene til litt ekstra salt i såret gjennom ein deltidsjobb. Det viser seg at det fort kan gå frå verdas dauaste, slækkaste ferie til verdas travlaste haustsemester. Det kan bli spennande å sjå kva som skjer.
Uansett så har eg iallfall ikkje skule på måndag og tysdag, medan skulen tar til for fullt frå onsdag av. Berre så synd at akkurat den dagen startar conveniently seniorlandslagssamlinga i Steinkjer som eg skal delta på fram til måndag 23. Går glipp av massevis av nyttig lærdom i denne perioden, men det er verdt å ofre når ein har ambisjonar om å representere Noreg.
Forhåpentligvis klarar eg å imponere såpass der oppe at eg får plass i 12-mannstroppen til Serbia-turen 30.aug-6.sep. Flott om eg får den turen, slik at eg går glipp av litt meir skule. Men er ingen garantiar, dei eg konkurrerer med er dyktige spelarar. Nokon av dei har også leika med ball i sanden i sommar, og har sikkert betre grunnlag enn meg, som har utvikla periodisk sandallergi.
Uansett, tida som kjem blir faktisk litt spennande. Gud veit eg treng litt slikt etter tidenes mest sjeledrepande sommar. Bileta er forøvrig ein lol eg fant gjennom ei kvitring, medan dei to siste er frå denne helga, der me hadde den aldeles skjønne niesen min Ronja på besøk. No er det leggjetid, då eg har ei sandvolleyturnering å vinne i morgon. Dersom ikkje eg får allergianfall av slikt.






Lettie
Apr 17, 2011 @ 03:49:37
jwJmBd Wow! Great tiknhing! JK