Eit innlegg som ikkje handlar om volleyball
13 Oct 2010
Eg innser at det har blitt mykje volleyballpreik her i det siste. Det skuldast at volleyball er det einaste som er verdt å skrive om i den patetiske unnskyldningen for eit liv som eg for øyeblikket innehar. Men sidan enkelte utruleg nok er interessert i å høyre om det likevel, så skal eg fortelje litt.
Sidan eg kom heim frå Italia har eg dreve med forskjellig, mest av alt fullstendig meiningslaust, men også noko som kanskje gjer litt meining for framtida. Eg har nemlig vore innom skulen litt i det siste. Det eg primært har fokusert på er databasehandsaming. Kjempespennande, tenker dykk nok no! Og ja, kven kan vel motstå SQL, relasjonsalgebra og EER- modellering? Ikkje veit eg.
Det eg ellers held på med på skulen er å planlegge eit nettside som skal handle om Hansa Bryggerier i Bergen. Nye Medier, Journalistikk og Film/TV samarbeider dette semesteret i samarbeid med Museumssenteret i Hordaland (MuHo), og i samarbeidet ligg det å skape nettsider for ulike verneverdige institusjonar i Bergen, som til dømes Minde Sjokoladefabrikk og Salhus Trikotasjefabrikk. Sida skal vere interaktiv og innehalde artiklar og videodokumentarar som fortel om produksjon, historie m.m. Det vert interessant å vere med på å utvikle ei slik side. Ellers i samme fag, MEVI153, må eg snart ta til å skrive på eit essay som skal leverast 1.november. Essayet skal analysere ein dokumentar. Det går mot at eg skal analysere Grizzly Man. Før dette såg eg Objectified og Helvetica. Desse anbefalar eg på det varmaste, sjølv om eg ser for meg at ein nesten halvannan time lang dokumentar om skrifttypar kan bli i drøyaste laget for dei fleste.
Anyway, det eg ellers held på med, er World of Warcraft, som eg har begynt å spele ein del igjen, samt å sjå på godkjennbare seriar. WoW hjelper meg å fylle daudtid i livet mitt, og den er det definitivt nok av. Samtidig er det fin flukt frå røyndas stress og bekymringar. Alltid flott å setje bekymringane på vent. Og så var det seriane. Dei eg ser på no, er hovudsakleg Entourage, True Blood, Dexter, House M.D, How I Met Your Mother(som minnar meg på at det er International Suit Up Day i dag), The Big Bang Theory, Boardwalk Empire, Mad Men og Breaking Bad. Eg har også planar om å få sett The Wire (som eg har sett første sesong av), samt starte opp med 24- surrogatserien The Event. Det er berre å slenge inn forslag til seriar eg bør sjå på dersom de meiner eg går glipp av nokon.
Til sist kan eg jo skrive om gladnyheten som er at søster mi Trine har fått ein liten gut. Han vog 3642 gram og var 49 cm lang. Han skal heite Mattis, og glir dermed fint inn i familien saman med Ronja. Eg er superglad for det og gledar meg til å ha enda ein liten romling å lære bagger- og fingerslag
Men med begge foreldra under 175cm, er det vel fare for at det blir nok ein oppleggjar/libero i familien. Det vil isåfall ikkje vere noko nytt, ettersom Sundfjord/Kirketeig- familien allereie er i besittelse av 4-5 oppleggjar/liberoar. Om det finst nokon høgdegen i denne familien vår, så er dei iallfall JÆVLIG recessive.
Men idet eg skriv det siste avsnittet innser eg at eg har brutt lovnaden om å ikkje skrive om volleyball, og avsluttar like godt før eg drit meg ut igjen. Eg skal prøve å gjere litt ting i livet mitt, sånn at eg kan skrive om dei her. Før de veit ordet av det har eg bloggaktivitetsnivå som ein moteinteressert fjortenåring.
For å avslutte koseleg, tar eg med dette biletet.







Tore H
Oct 13, 2010 @ 16:16:14
Hva med å fylle litt av dødtiden med styrketrening? Tviler på ferdinand Tille ble beste libero i VM ved å spille WoW!
Yngve
Oct 13, 2010 @ 16:45:33
I wish, har ikkje råd til treningsavgift på SiB! Og eg er ganske sikker på at Tille er sykt 1337!