Eit stort øyeblikk
25 Oct 2010
I helga spelte me Nyborg første runde i Challenge Cup, som er den lågast rangerte av dei tre Europacupane. Me spelte mot sveitsiske SEAT Volley Näfels. Det skulle vise seg å vere ei særs stor oppleving.
Det hadde seg nemlig sånn at me skulle spele både heime- og bortekampen på heimebane, ettersom sveitsarane, som i likhet med oss ikkje er profesjonelle, ikkje fekk halltid den helga dei eigentleg skulle arrangere heimekamp. Derfor vart det to kampar i Haukelandshallen, som er ein eigna hall til å ha slike større kamparrangement i. Stor tribune, fleire tilskodarar enn vanlig samt deilig lagt-ned-for-anledningen-Taraflex- golv skapte ei fin ramme rundt kampane. Og eg trur samtlege på tribunen fekk valuta for inngongspengane. Laurdagen klarte me nemlig, etter eit dårleg første og fjerde sett, å hale i land ein fin 3-2- siger. Dette skapte stor optimisme før søndagens kamp, som me til alt overmål vant 3-1. Dette sender oss vidare til andre runde, der me skal møte eit profesjonelt belgisk lag, Prefaxis Menen. Dette laget skal vere topp 4 i Belgia og det skal dermed på papiret vere ei tøff oppgåve.
Å slå frå seg på denne måten i ei internasjonal turnering er i norsk målestokk ein prestasjon som ein i klubbsamanheng knapt har sett maken til på mange, mange år. Det er derfor ganske stort både for meg personleg og heilt sikkert heile laget å få vere med på noko såpass stort innanfor sporten.
Heilt sidan eg tok til å trene med klubben tilbake i 2008 har alle i klubben vore samde om at å gjere noko slikt er noko spelarane har kapasitet til, potensialet har vore enormt. Etter to år med utvikling, samt omtrent ingen endringar i førsteoppstillinga, har me vokst til å bli eit slagkraftig mannskap som kjenner kvarandre ut og inn. Det som gjer det ekstra stort å vinne slike kampar, er at på andre sida av nettet stiller mexicanarar, tsjekkarar og brasilianarar, medan på vår side stiller ein bygdetulling frå Ølve, ein spretten fyr frå Sand og fire gutar frå Åsane. No har me riktignok ein kviterussar på laget også, men han har etter kvart begynt å lære seg såpass bra norsk at det tel ikkje. Og ikkje berre er dei fleste lokale, alle på laget er gode venner utanfor banen, noko som minst triplar gleden av lagprestasjonen vår.
Når det gjeld meg sjølv, så er eg priviligert som får spele på lag med så gode spelarar. Nokon vil sikkert seie eg fekk plassen på laget fordi me ikkje har andre i min posisjon, men eg synest eg har vist at eg fortener den, og at det skal bli vanskeleg å ta den frå meg. Og det er kjekt etter såpass mykje arbeid som eg har lagt ned i det, og så mange andre ting eg har ofra og sagt nei til for å vere med. I øyeblikket er motivasjonen på topp for at eg sjølv og laget skal bli best mogleg, og det er kjekt, for det er ikkje alltid slik, av ulike grunnar.
Eg skal nyte kjensla litt no, før det vanlege møkkalivet ventar på meg igjen måndag morgon. Både jobb og skule står og bæljar etter oppmerksomhet i hjernen min.






Garghe
Oct 25, 2010 @ 01:31:02
Congratulations:
1-for the victory.
2-for the new inovative techinic of reception.
Vamos Yngve!!!!!
Vegard
Oct 25, 2010 @ 13:59:34
En hviterusser med landskamper for Norge, så det teller på ingen måte. Skreiagutt tenker jeg vi sier!
christer
Oct 25, 2010 @ 17:11:21
Grattis! vel fortjent. Du er den beste liberoen i norge, så den plassen fortjener du.
Vibeke
Oct 25, 2010 @ 23:24:03
Kjempe kjekt å sjå dåkke spille på lørdag. Er ikkje ofte eg får sett god volleyball, så då blir det jo ekstra gøy! Syns det er fantastisk å sjå kor viktig det er for deg å ta kvar ball, man ser at du jobber hardt for kvar ball! Men eg lurte på ein ting, korfor bytter dåkke inn Bjelland i et angrep og ut igjen i neste?
Etegyt
Oct 25, 2010 @ 23:32:56
Du er bare såååå bra!
Yngve
Oct 26, 2010 @ 11:00:03
Takk, Vibeke!
Grunnen til at me byttar han inn og rett ut igjen er at han blir bytta innpå for å forsterke blokka vår, men når me taper ballen og må ta imot serv byttar me han ut igjen, då han som Bjelland bytta med er betre på å ta imot serv. Håpar dette ga litt meining
Vibeke
Oct 26, 2010 @ 13:50:49
Aha! Tenkte det måtte være nokke sånt
Sundfjord » Snipp, snapp snute, så var eventyret, samt unnskyldningen til å ikkje lese til eksamen, ute!
Nov 25, 2010 @ 00:40:05
[...] eg skreiv etter sigeren i første runde mot SEAT Volley Näfels, så er eg superstolt over det me har prestert. Det er fantastisk at me presterer årsbeste i ein [...]