Mark Kozelek
29 Oct 2010
For eit halvt års tid sidan (estimert etter lyttehistorikk henta frå profilen min på Last.fm), oppdaga eg ein artist som fenga meg ganske kraftig. Hans namn var Mark Kozelek. Han er ein singer/songwriter frå Ohio, USA. Gjennom gruppene Red House Painters og Sun Kil Moon, samt fleire soloutgivelsar, har han bygd seg opp eit solid låtmateriale, stort sett ved hjelp av stemme og ein gitar + litt attåt.
Musikken hans er ikkje akkurat slikt som går til topps på hitlistene. Kozelek er kjent for å formidle melankoli på ein unik og ektefølt måte, intenst men samtidig dempa på same tid. Songstemma hans er i utgangspunktet ikkje all verden, men den sit som eit skudd til det den vert brukt til. Dei flest som les dette vil syns det er kjedelig å høyre på, men musikken hans er ikkje noko som skrik etter merksemd, du må gi den tid. Og det er definitivt det motsatte av festmusikk.
I løpet av dei drøye 20 åra han har heldt på, har han gjort ein del rare ting. Den raraste tingen er nok at han har laga eit heilt album med AC/DC- coverlåtar, sjølv om ei heil plate med Modest Mouse-cover også var særs spesielt. Men han slepp unna med det fordi han på mange måtar gjer låten til sin eigen. Og fordi han er dritflink.
Det er eit utal singer/songwriters som aldri får den berømmelsen og det publikummet som dei fortener, og Mark Kozelek er definitivt på pallen i denne kategorien. I mine auger når ikkje John Mayer mannen til skolissene. Litt artig, og samtidig teit, er det at det nærmaste han kom rampelyset sannsynligvis er rollen som bassist i bandet Stillwater i Cameron Crowe- filmen Almost Famous (som eg kjenner relativt godt til etter at søstera mi såg den sikkert tretusenfemhundreogførtito gongar). Denne posten er iallfall mitt forsøk på å kaste lys på eit oversett geni.
No er Kozelek aktuell med plata “Admiral Fell Promises” som kom ut i juli under Sun Kil Moon- namnet. Den er noko av det sterkaste han har levert. I forbindelse med denne plata er han på turnè, og conveniently enough speler han på Garage i kveld kl 22.00, som er grunnen til at eg skriv denne posten. Eg gler meg stort, sjølv om eg såklart ikkje har nokon vennar som vil vere med meg. For at nokon skal bli med meg neste gong han kjem til Bergen, anbefaler eg alle å høyre litt på Kozelek-spelelista mi på Spotify. Den er perfekt for seine, mørke haust- og vinterkveldar. Og det er jo kozelek. Sorry, kunne ikkje la vere.






Mike
Nov 01, 2010 @ 08:42:27
I would say born in Ohio but from San Francisco. Since the first RHP most of his songs have been about people and places in San Francisco/California.
Musikkåret 2010
Dec 27, 2010 @ 15:13:57
[...] Sun Kil Moon og Red House Painters. Mannen bak desse to er geniet Mark Kozelek, som eg omtalte i ein post i forbindelse med konsertens hans i Bergen i oktober, Konserten er favorittkonserten min. Eg spelte [...]
Nye musikalske impulsar
Mar 16, 2011 @ 01:51:10
[...] som det slett ikkje vil vere feil å samanlikne med den tidlegare omtalte helten min, Mark Kozelek. Også Jurado skriv og spelar deilige, ektefølte låtar som ofte ikkje er akkompagnert av anna enn [...]