Nyborg i Italia – på Google Translate-engelsk!
11 Oct 2010
Sidan eg har fått opplyst gjennom diverse analyse- og statistikkverktøy eg har installert på sida mi at eg også har lesarar utanfor Noregs grenser, tenkte eg at det ville vere greit å sjå korleis oversetjinga ser ut i Google Translate, for å sjå om dei som må lese det på engelsk får noko ut av det eller ikkje. Resultatet viste seg å vere særs spesielt og stilig. Om du, som meg, ikkje har eit liv, så er det verdt å lese Italia-referatet på Google Translate- engelsk. Blant høgdepunkta finn me:
- Han heitte Sjur Godø og skulle vere med oss å klaske ball på turen. – He called Shur Godø and should be with us to spank ball on tour.
- 40-årige Otte Bjelland, som var med som hjelpetrenar/tøysebukk, var som følge av køyringa til Christina på eit tidspunkt 78 år gammal. – 40-year-old Otte Bjelland, who was practicing with the help / bull buck, was as a result of the traffic to Christina at one point 78 years old.
- …medan dei fleste andre gjekk på driving range og smikka ballar – …while most others went on the driving range and smikka balls.
- Til hans forsvar hadde han også fleire fulltreffarar som blei borte i det italienske solskinnet. – To his defense, he also had more exact match makers who were lost in the Italian sunshine.
- Otte kommenterte hyppig kor talentlause og idiot arrangørane var. – Otte commented frequently how talented loose and idiot organizers were.
- Ørjan – Oliver
- Eg skulle eigentleg ha med meg Andrej Khanevski på dette, men han vart som kjent brutalt overfalt av ein fysioterapeut nokre veker tidlegare, og kunne ikkje fly til Italia med oss pga punktert lunge. – I would actually have with me Andrei Khanevski on this, but he was known as brutally assaulted by a physical therapist a few weeks earlier, and could not fly to Italy with us because punctured lung.
Ta deg tida og les heile greia her, det er særs tidig. Eller som Google Translate ville sagt det, take time to read the whole thing here, it is very future!






Jorid
Oct 11, 2010 @ 23:01:16
Ah-maze-ing. >^_^<