Nyborg i Italia

No er det blitt ei stund sidan eg skreiv noko her. Igjen. Det kjem først og fremst av at eg ikkje har eit liv, og måtte vente til eg kom heim frå turen vår til Italia før eg fann noko som var verdt å skrive om. Eg vil heller halde hordane av lesarar på pinebenken og gje dei kvalitet, heller enn å skrive innlegg om kva eg hadde på brødskjeva torsdag morgon. Alle som kjenner meg veit jo at eg har Nugatti på alle skjever uansett. I motsetning til i Italia, der eg hadde noko som minna veldig om Nugatti, men heitte noko anna. Ja, no går eg off-topic her og de ser korleis det ville blitt med kvaliteten dersom eg hadde haldt fram. Litt av grunnen til at innlegget kjem så seint er ein Nyborg-helt eg ikkje skal nemne ved namn ikkje klarar å leggje ut bilder på Facebook. Men betre seint enn aldri. Her er det iallfall berre å stålsetje seg, for her kjem eit jævlig langt referat frå Italia.

Det var ein trøtt gjeng som samla seg på Flesland for å starte reisen til Italia i fem-sekstida om morgonen. Alle i gruppa skulle ikkje reise saman, nokon skulle reise med Air Baltic med mellomlanding i Riga, medan andre reiste med Lufthansa med mellomlanding i Frankfurt. Førstnemnte gruppe fekk seg litt av ein opplevelse når dei skulle borde flyet som skulle frå Riga til Malpensa. Ein eldre mann tok seg nemlig friheten til å kle av sin betre halvdel blusen hennar – i flytrappa. Og når dama ikkje gjekk med BH blei det heile særs spesielt. Og ekkelt.

Trass i synet av gamle damebryst, kom alle truleg seg til Malpensa flyplass utan varige mèn. Her samlast me igjen, og fekk selskap av ein kjekk gut frå mærrabættets hovudstad, Kristiansund. Han heitte Sjur Godø og skulle vere med oss å klaske ball på turen. På flyplassen møtte me også guiden vår som hadde satt opp turen, Christina. Ho var veldig kjekk og særs flink å organisere ting, men også litt gal. Dette viste seg ekstra godt når ho satt bak rattet. Ho likte mellom anna godt å lese avisa medan ho køyrde. 40-årige Otte Bjelland, som var med som hjelpetrenar/tøysebukk, var som følge av køyringa til Christina på eit tidspunkt 78 år gammal. Det blei også hardt for sjåfør Tore som køyrde ni-seteren som me disponerte under opphaldet. Ut frå Malpensa flyplass blei han kasta rett inn i galskapen og kaoset som er den italienske trafikken. Etter mange situasjonar med oss som sjokkerte og vantro tilskodarar, pirka me oss ut på Autostradaen, der ting blei litt meir normalt. Bortsett frå at me køyrde i 140 i snitt, så klart.

Etter nokre timars køyring kom me fram til der me skulle bu under opphaldet, Parc Hotel Paradiso & Golf Resort. Heile plassen var utruleg flott, og leilighetene me budde i var av flott standard. Golfbane med driving range og puttbane, utandørs bordtennisbord og biljardbord var noko av det plassen hadde å by på. Men trådlaus internett i leilighetene var det derimot ikkje, til eg og andre sin stille, men innbitte frustrasjon.

Men me hadde betre ting å gjere på enn å vere på internett. Samme dag som me kom skulle me nemlig køyre til Brescia, ein by ikkje så langt frå der me budde, for å spele treningskamp mot eit lag på tredje øverste nivå. Det er ikkje så mykje å sei om kampen. Dei hadde McDonalds på draktene sine, dei hadde ein fin hall som desverre hadde litt for lågt tak, og me tapte 2-3 i ein ganske dårlig kamp. Det er vel ikkje feil å seie at me var litt smånervøse for kva som venta oss i dei tre neste kampane når eit B1- lag var såpass gode.

Onsdag morgon starta med frukost 8.30, deretter køyrde me på to timars trening trening i ein flott hall i Valeggio. Her måtte me lære oss å bruke Molten- ball igjen. Denne hallen gjennomførte me alle treningsøktene våre i. På kvelden skulle me spelte treningskamp mot eit A2- lag i den samme hallen. Men først venta lunsj på hotellet. Og for ein lunsj! Det var så mykje godt å putte i seg i den matsalen der at sjølv dukane kunne etast med litt krydring. Dei fleste spelarane rulla faktisk tilbake til hotellet. Før det var avreise til kamp, vart det tid til litt avslapping i det flotte veret. Omlag 25 grader i skuggen og strålande sol ga godt grunnlag for å la Nyborg Tanning Club ha årsmøte. Diverre var det lett for å bli slapp i sola, og det ville me ikkje før kamp, så me trakk innandørs relativt fort.

Under kampen på kvelden måtte me desverre unnvære Scott på sidelinja, ettersom laget me spelte mot heitte Canadiens Mantova, og nasjonalkjensla til Scott blei for sterk. Han sette seg på motstandarbenken med eit canadisk flagg knytta rundt hovudet, som vist på biletet til høgre. Dette gjorde det vanskeleg for oss å vinne kampen. Det blei 0-4- tap, men etter mykje godt spel og etter å ha vore likt til 17-18 poeng i kvart sett. Desverre hadde me ikkje rutinen til å avslutte setta.

Dagen etter var det samme opplegg tidlig på dagen, med frukost, trening og lunsj som varte og varte. Deretter slappa folk av med forskjellig, eg og Tore gjekk på golfhotellet og satt seg på internett, medan dei fleste andre gjekk på driving range og smikka ballar. Det var åpenbart at ingen av spelarane kjem seg med på PGA- touren med det første. Kven som slo lengst er uklart, men den som slo kortast er nok utan tvil Andrè. Den eine ballen han slo forlot kanskje matta med 30cm margin. Til hans forsvar hadde han også fleire fulltreffarar som blei borte i det italienske solskinnet. Når alle hadde fått slått frå seg på golfbanen, bar det avgårde retning Milano for kamp mot Vero Volley, nok eit A2- lag. Dei var nyopprykka, men har nok forsterka seg grundig sidan det. På vegen dit var det som alltid ei utfordring å ikkje dø i trafikken. Det virka ikkje som om dei seks gutta i baksetet bekymra seg nemneverdig, då dei sov omtrent heile vegen, noko dei gjorde på stort sett alle lengre bilturar me hadde. Dette resulterte for øvrig i fleire fine sovebilete.

Kampen blei spelt i ein flott hall med god takhøgde. Dette var noko me generelt var imponert over. I Norge er takhøgda alt for lav i nesten samtlege hallar, men i Italia er ballar som går i taket sjeldan eit problem. Kampen enda igjen i 0-4 tap, men igjen spelte me til tider svært godt og klarte i to sett å følgje motstandarane til 23. Likevel vil nok kampen bli best huska for Scott sin kanskje vel kritiske og syrlige måte å fortelje oss at me sto for bakpå i forsvar. «Dere må ikke være så tilbakestående i forsvar» er eit sitat som alle på turen kjem til å huske for alltid. Etter dette vart alt og alle i Italia som ikkje var bra nok omtalt som tilbakeståande. Me var ikkje altfor deprimerte etter kampen, me møtte eit godt lag. I minibussen heim sov alle i baksetet medan sjåførteamet var årvåkne som alltid.

Neste dag, fredagen, starta på samme måte som dei andre, frukost, trening og monsterlunsj. Også denne dagen nytta dei fleste høvet til å smikke litt ballar på driving range i solskinnet, også denne dagen med blanda suksess. Andrè stakk nok ein gong av med sigeren i konkurransen for kortaste slag. Ørjan og Sjur og Jan Christian utmerka seg med god teknikk, Jan Christian utmerka seg med ekstra med den litt gaye golfhansken han drog med seg.

Dagens kamp, og turens siste, var mot Pallavolo Padova, eit lag som visstnok har store ambisjonar om opprykk til A1 i år. Det tok omlag halvannan time å køyre til hallen me skulle spele i. På vegen dit var gul bil- faktoren høg. Det vil sei at kvar gong ein ser ein gul bil, må ein sei «gul bil» og deretter kan du slå sidemannen på valgfri plass, fortrinnsvis låret. Så lenge me køyrde i dagslys var dette ein særs populær aktivitet hos gutta i sjåførteamet. Dei andre sov, såklart.

Kampen likna i grunnen mykje på dei me spelte tidlegare. Me spelte relativt jamnt med motstandaren i store periodar, men som tidlegare klarte me ikkje avslutte. Heldigvis for oss var me ikkje tilbakeståande i forsvar denne kampen, og fekk til ein god del flotte ballvekslingar, nokon av dei klarte me til og med å vinne. Inspirerande. Før me køyrde heim, åt me middag på restaurant. (Dette gjorde me for øvrig kvar dag, så vidt eg huskar). Me fekk selskap av Padovas gode libero Andrea Garghella, som fortalte oss ein god del om italiensk volleyball og korleis det er å vere profesjonell volleyballspelar, det var interessant.

På vegen heim sov alle i baksetet medan sjåførteamet ikkje så veldig kyndig førte oss heimover (Me køyrde forbi avkjørselen og tapte 20 minutt på det) Det var kanskje like greit å sove, for dagen etter blei det tidlig på’an. Laurdagen skulle me nemlig gjere ein del. Våre kampar var ferdige, me skulle heretter berre trene og sjå kampar frå VM i volleyball. Men laurdagen droppa me trening. Alle veit jo at Scott er superpatriotisk canadier, det var derfor ingen overraskelse at me måtte køyre tre timar til Trieste for å sjå Canada-Polen samt Serbia-Tyskland, i staden for å køyre ein halvtime til Verona for Cuba-Spania og Brasil-Tunisia. Men grunnen til at me sløyfa trening var at me i tillegg ville innom Venezia og vere turistar nokon timars tid. Venezia var ein sprø by, med fleire kanalar enn sjølv den heftigaste TV-pakke. Ganske fancy og gøy å sjå, sjølv om den enorme turistmengden kunne vere ganske slitsom. Veret var ganske skya i begynnelsen, men etter kvart klarna det opp og blei fint. Me tok masse bilete og var generelt temmelig turist. Me fann også dobbeltgjengaren til Scott, dette var omtrent dagens høgdepunkt. Etter kvart måtte me begynne å bevege oss mot bilane, det var på tide å køyre vidare til Trieste.

Vel framme var det kaos i bilettlukene, det viste seg at eit eller anna var hakkande gale med bilettutleveringa, me fekk ikkje heilt greie på nøyaktig kva. Folk, det vil seie firetusennihundreognittifire polakkar, 3 canadiarar og 10 nordmenn sto i megakø og var temmelig grinete. Otte kommenterte hyppig kor talentlause og idiot arrangørane var. Akkurat når det virka som om me ikkje skulle komme oss inn til kampen starta, vinka Christina oss vekk frå køen, bort til inngangen til hallen. Ho hadde visstnok ringt billettselskapet og truga med å ringe avisa og fortelle kor bedritent opplegget deira var dersom me ikkje fekk komme inn øyeblikkelig. Og så kom me inn øyeblikkelig. Det var eit fint øyeblikk å åle seg forbi hundrevis av polakkar og gå rett forbi dei samme politifolka som polakkane ikkje kom forbi. Det er sånn det skal vere, meinte me. Tar de jobbane våre, så går me jammen først i volleyballkampkøen.

Det var stort å vere på kamp. Polakkane, som tydeligvis kom seg inn til slutt, laga bra liv på Polen-Canada. Canada var litt for tilbakeståande i forsvar og tapte 0-3, sjølv om Gaviiiiiin gjorde det beste han kunne. Deretter gjorde Serbia kort prosess med Tyskland. Me såg eigentleg ikkje så mykje av kampen, då skuldrene til Mìljkovic, diagonalmonsteret til Serbia, dekka for utsikten. Likevel ei kjekk oppleving. Den tre timar lange turen heim var ikkje ei fullt så kjekk oppleving. Dei baki bilen merka ikkje det, då dei sov heile vegen, Andrè for anledningen med fint og veldig maskulint hovudplagg på. Denne gongen traff me også på avkjørselen, for anledningen med Ørjan bak rattet mesteparten av vegen.

Søndagen var me tilbake til rutinen vår. Etter lunsjen fekk me ein times tid til avslapping før me skulle reise til Palaolimpia i Verona for å sjå Tunisia-Cuba og Brasil-Spania. Eg gleda meg ekstra masse til dette, for eg hadde vore lur og søkt om presseakkreditering nokre månader i forvegen. Eg skulle eigentleg ha med meg Andrej Khanevski på dette, men han vart som kjent brutalt overfalt av ein fysioterapeut nokre veker tidlegare, og kunne ikkje fly til Italia med oss pga punktert lunge. Derfor måtte eg sitje aleine på pressetribunen. Med laptop og internett, samt superstjernene til Cuba på banen fekk eg likevel tida til å gå. Kampen blei heller ikkje særskild lang, Cuba var suverene og vant lett 3-0. Andre kampen sette eg meg saman med dei andre, som hadde gode plassar rett ved der spelarane entra banen før kamp. Her såg me Brasil slå Spania med 3-1. Deretter stakk eg avgårde til mixed zone, der eg såg Rodrigao, kampens store spelar, bli intervjua før Dante Amaral kom gåande. På sundfjord.com finst det jo som alle veit eit langt, eksklusivt intervju med norgesvennen Dante, og eg bestemte meg for å helse på han igjen. Han var glad for å sjå meg, og lurte fælt på korleis det gjekk med Andrej. Deretter snakka me litt om norsk vinteridrett og Grand Prix, spesielt saksofonmannen til Moldova, før han måtte gå i garderoben. Me blei einige om at det ikkje måtte gå lenge til neste gong.

Det var kanskje ikkje heilt slik det skjedde, men eg snakka iallfall med han, og var rimeleg nøgd med det på vegen heim. Eg var likevel litt skuffa over at Gørba ikkje viste seg i mixed zone denne kvelden.

Morgonen etter trente me i den flotte hallen i Valeggio for siste gong. Me gjekk gjennom det me hadde lært på turen, og kva me ville halde fram med når me kom heim. Eg skulle gjerne nemnt eksempel, men eg har gløymt det….. Iallfall, så konkluderte me med at det var ein lærerik og nyttig tur som var verdt pengane. Deretter åt me vår siste feitlunsj på hotellet, før me skulle sjå dei siste to kampane før me reiste heim. Denne kvelden var det først Spania-Tunisia og deretter storkampen Cuba-Brasil. Spania-Tunisia var berre forretten, og den enda med kontrollert 3-1 siger til Spania. Deretter var det duka for monstermatchen. Etter eit vanvittig førstesett som enda med 34-32 til dei unge publikumsfavorittane frå Cuba, roa det seg og blei ein flott kamp mellom to av dei største landa i internasjonal herrevolleyball for tida. På slutten av det fjerde settet, der Cuba utlikna til 2-2, fekk Brasil stjernekant og World League-MVP, Murilo Endres, seg ein trøkk og måtte byttast ut. Inn kom superpopulære Giba! Me fekk desverre ikkje sjå han gørbe, men det var likevel stort å sjå verdens beste spelar på 2000- talet i aksjon. Han klarte dog ikkje å vippe kampen i Brasils favør, Cuba var sterkast mot slutten og halte i land 15-12. På tribunen hadde me fått akkurat det me ville ha med fem sett og Giba, no var det tid for meg å loke i mixed zone. Når eg kom ned sto Mario, Brasils libero og ga intervju. Bernardo Rezende kom etter kvart på krykkene og såg litt mindre dritsint ut enn han gjorde gjennom kampen. Etter kvart kom profilane på rekke og rad, først kom helten, Giba, og ga TV-intervju. Deretter kom det 17-årige stjerneskuddet, Wilfredo Leon. Det var desse som fekk mest merksemd. Ganske sjukt å stå så nærme så profilerte spelarar. Eg plukka med meg DataVolley- statistikken frå pressetribunen, som eg fekk utdelt om eg ville ha, og trakk ut til dei andre, skikkelig starstruck.

Me åt deretter det siste av utallige gode måltid på ein pizzarestaurant like i nærleiken av hallen. Her var det god stemning og ein øl og to tillot me oss også. Like før me skulle gå kom det tre galne Brasil-fans bort til bordet vårt og begynte å mase og hoie og skrike på italiensk/portugisisk/urdu/kvasomhelstegveitikkje. Me syns det var artig i byrjinga, men etter kvart som hoiinga og skrikinga på italiensk/portugisisk/urdu/kvasomhelstegveitikkje heldt fram i det uendelige, og den eine tilsynelatande litt lesbiske dama og den andre tilsynelatande litt prostituerte dama begynte å bli pågåande, blei det heile litt slitsomt, og me fryda oss når dei gjekk sin veg. Då kunne me også setje kursen for siste natt i leilighetene våre.

Siste dagen var det frukost før me pakka skiten vår i bilen og satte kursen for Milano. Før me skulle reise heim fekk me anledning til å gå innom ein fin volleyballbutikk. Her kjøpte me oss forskjellig. Kåre bestemte seg plutselig for å bli knebeskyttar-mann, stilig! Når Tore kom seg over Kåre sitt sjokkerande knebeskyttar-innkjøp, køyrde han oss vidare mot Linate flyplass. Her skulle dei som skulle reise via Frankfurt gå av. Resten køyrde vidare til Malpensa, men ikkje før dei hadde vore innom enorme San Siro stadion, som visstnok var særs imponerande. Eg veit ikkje, for eg reiste via Frankfurt. Får peise inn eit bilete etter kvart.

Herifrå og inn var nok det mest nemneverdige sushien som Andrè inntok på Riga flyplass, som påførte han mykje trøbbel. Ellers vart det sju timars venting på den enorme flyplassen i Frankfurt for oss som reiste der. Det var sjølvsagt sjukt kjedelig, men til slutt kunne me setje oss til rette i seta med nasen i retning Bergen. Vel heime var det norsk ver. Ganske kaldt, men godt å vere heime igjen også. Så får me sjå om turen har gitt oss nokon erfaringar som me kan ta med oss til europacupkampane. Me har iallfall lært at me ikkje skal vere tilbakeståande i forsvar.

2 kommentarar

2 kommentarar

  1. Oleeejan
    Oct 11, 2010 @ 17:43:06

    Jælla bra referat Yngve :) og bare hyggelig for at du får bruke bildene mine som eg var super kjapp til å legge ut..

  2. Scott
    Nov 02, 2010 @ 17:13:42

    For en teit blogg.

    Har du ikke noe bedre å gjøre, som å lære å ikke være så tilbakestående i forsvar?

Legg att ein kommentar