Den særs alternative ønskelista

Som dei fleste menneske med intakt hjerne har oppfatta, nærmar me oss etterkvart vinter. Vinteren i Noreg er mest kjend for å føre med seg is som gamle damer sklir og bryt lårhalsen på. Trass i dette finst det negative sider ved vinteren også. Det mange likevel forbinder sterkast med vinteren, er jula. Jula er i all ærlighet ei tid på året der alle i Noreg er sinte, stressa og deprimerte, i desperasjon etter å ha det mest mulig koseleg. På julafta er det ikkje unormalt å utveksle gåver med sine næraste. Mine ønske til julegåver i år inkluderer eit liv, mobiltelefon, fotokamera og mykje anna som eg ser på som urealistisk å få. Eg har derfor laga ei alternativ ønskeliste, med 8 litt meir overkommelige ønske.

Hagezombie. Er du ikkje rett og slett jævla lei av dei forbanna hagenissane? Her er eit mykje betre alternativ. Den koselege hagezombien vil få det kjempefint utanfor leiligheten min. Dette er den dyraste gåva på lista, 540 kr, men kva betaler ein ikkje for kvalitet og nytteverdi?

Wi-Fi Detector T-skjorte. Interaktiv t-skjorte som viser trådlaus signalstyrke. Relativt praktisk for nerdar som er on-the-fly. Dessutan er den på tilbod til berre 120 kroner!

Enter-dørmatte. Ei morsom dørmatte er kult, men ei dørmatte med motiv av ein Enter-knapp er rett og slett  rasande festlig. Uansett kor jævlig det ser ut i sjølve leiligheten min, kjem folk berre til å huske den awesome dørmatta mi. Kanskje ikkje. Men eg vil ha den likevel, og den kostar berre 180 kroner.

Lolcat t-skjorte. Dei fleste som kjenner meg over gjennomsnittleg godt veit at eg er veldig glad i kattebilder med morsomme captions, aka Lolcats. Då er det gøy å ha ei t-skjorte som får dette fram. 120 kroner.

Heelys. Som ein annan spretten fyr vil vere hjartans einig med meg i, er Heelys rett og slett ein heilt magisk oppfinnelse. Slagordet til Heelys er også uslåeleg: “the original shoe with the removable wheel in the heel”. Kva er vel så kult som å kunne rulle bortover gata på hælane, og når du vil gå vanleg så kan du gjere det og. Heilt genialt. Mange spenstige heelysvariantar ute og går, så her er det berre å overraske meg. Usikker på prisen, men den speler alvorlig talt ingen rolle, for dette er priceless.

Green Linen Shirt. Eg er ikkje redd for å innrømme at eg i tide og utide speler World of Warcraft. Ein fin måte å stolt vise det fram på utan at det blir tragisk er denne kule t-skjorta. Kostar ca. 120 kroner.

8-bits slips. Dette er kanskje ein av dei tinga eg ønskar meg aller mest i heile verden. Dette slipset gjer det verdt å gå med slips. Og at tidenes slips kostar 90 kroner, er awesome.

Death Cab t-skjorte. Det er viktig å ha merch frå band ein likar. Eg som er emo likar Death Cab for Cutie. Vertical Sphere, Circle of Colors eller TV Snow- varianten er dei eg foretrekker. 120 kroner.

Eg skal ikkje sei eg blir så veldig skuffa om eg ikkje får nokon av desse fantastiske gåvene. Men om ikkje anna, så har de iallfall sett kva slags ting eg syns er kult, og som eg kunne tenke meg å ha den dagen eg vert rik. Eg kjem til å døy ulukkeleg dersom eg ikkje får prøve Heelys før eg døyr.