Fivekulturen i volleyball
21 Nov 2010
Eg speler relativt mykje volleyball. Nokon gongar slår det meg ute på banen kor utruleg mange gongar volleyballspelarar fivar i løpet av ein kamp. Med ein five meinar eg sjølvsagt ein såkalt gimme five. I det siste har dette slått meg så ofte at eg bestemte meg for å forske litt på det. Resultatet er interessant.
Eg tok for meg første settet av den andre kampen mot sveitsiske SEAT Volley Näfels. Det endte 25-20 og kan derfor reknast som eit gjennomsnittleg langt sett. Etter å ha prøvd å forsøke å telje alle fivane på begge lag dei to første ballvekslingane, innsåg eg at dette ikkje var spesielt lett. Derfor måtte eg sjå settet to gonger, der eg første telte sveitserfives, og deretter våre fives. Resultatet var særs spenstig. På 45 poeng rakk spelarane på banen å five ikkje mindre enn roughly 161 gonger. Fivane var fordelt omtrent 50-50, med 83 fives hos Nyborg og 78 hos Näfels. Artig er det at Nyborg mellom to ballvekslingar presterte å five ikkje mindre enn 21 gonger. Eg tek forbehold for feilteljing når eg slår fast at ein i eit gjennomsnittleg sett i ein kamp kan rekne med at det vert fiva mellom 150 og 175 gonger. Dette syns eg er ganske hysterisk. Men eg vil gjerne ta forskinga av fivekulturen i volleyball eit steg lenger, ettersom eg syns det er eit ganske interessant område.
Eg har nemlig tenkt litt over at det finst fleire ulike typar five. Etter å ha tenkt meg om, samt sett litt på ulike kampar, kan eg presentere fire kategoriar av fives. Dei er, som alltid på listefetisj-sida sundfjord.com, presentert i ei liste.
- Prestasjonsfiven. Brukast ganske ofte når nokon gjer noko dritbra, som til dømes å serve eit ess. Minnar sterkt om den tradisjonelle high-fiven.
- Trøstefiven. Brukast kvar tapte ballveksling, når alle spelarane samlast og fivar for å vise god lagånd. Genererer sjukt mange fives, kan eg skrive under på.
- No plukkar me-fiven. Ein vanleg five hos bakspelarar som seier “No plukkar me!” og fivar. Liknande type kan også brukast som “No blokkar me!”- five og generell gutsefive.
- Lookaway/pliktfive. Ein litt kjip og unødvendig five som forekommer når ein spelar kanskje er litt gretten på seg sjølv/lagkameratar/dommarar og helst ikkje vil five. Men når ein lagkamerat held ut handa og vil ha ein five, vil du ikkje vere ein dårleg lagkamerat, så du går for eit kompromiss. Resultatet er ein slapp lookaway-five som samtidig oppfyller normen om å besvare alle fives i volleyball.
Det er litt vanskeleg å skrive gode beskrivingar av desse fivane, så eg har for tryggleiks skuld laga ein video som viser med levande bilete kva eg meinar med dei ulike typane. Teksten i den er på engelsk, i eit desperat forsøk på å vere litt internasjonal slik at eg får fleire views på videoen.






Martin Bahr
Nov 22, 2010 @ 00:19:01
Dette innlegget var bare helt fantastisk, kjenner meg igjen i alle fivesene!
RAGgen
Nov 22, 2010 @ 01:57:36
Da du skrive om er jo ‘motivasjonen’ for fiven, ikkje sjølve fiven
Sjølve fiven kan jo og analyserast ut i frå ‘handlinga’ og klassifiserast i ulike typar
Her er ei listing av ‘handlingsfivea’ som eg kjem på
Eg velgje å bruka dei ny-nynorske navna sidan desse svært ofte er godt innarbeidde
* up-high – fiven skjer over skulderhøgd
* down-low – fiven skjer under brysthøgd
* fast five – fiven gjeres med raske bevegelsar, gjerne slik at den lagar ein markant lyd
* slow five – ein treg five, ein motsetning til fast fiven
* dobbel (-handed) five – ein fivear med begge navane samtidig
* singel (-handed) five – ein ein neves five
* down and back – ein five der eine deltakaren i fiven står med ryggen til den andre og strekkes ut handa bak ryggen slik at den andre kan fullføra fiven, uten at den første nødvendigvis snur seg og ser på den andre
* the/a five run – ein person utfører fleire påfølgande fivear med ulike personar, der desse ofta vil stå på ei rekkja og vere klar til å five personen
* open (handed) five – den normale fiven der ein slår handflatene samman
* the fist five/the closed (hand) five – ein bruker knytta never når ein utfører fiven
* knuckle five – ein variant av the fist five, der ein fører knytta never mot kvarandre på ein slik måte at knokane møtes
* full handed five – ein open handed five der heile handflata til begge deltagarane treffes
* the finger five – ein open handed five der berre delar av handa -typsik då fingrane- treffes
* the pinky five – ein variant av the finger five der ein kun benytter litlefingaren. Blir oftest utført med ei delvis knytta hand, med andre ord ein semi-closed five (det er ikkje ein fist five, ettersom handa ikkje er heilt knytta)
* avanserte fivear – ditta er ein samlekategori for ulike mønster av fleire fivar utført i rask rekkjefølge mellom to personar, eller ein five som har ein form for akrobatikk eller overraskelsesmoment innarbeid i seg. Avanserte fivear blir svært ofta (sterotypisk) forbundet med unge afro-amerikanara og gjengkultur og rapp musikk
* the (chest) thump five – ein avansert five der deltagarane hoppar mot kvarandre på ein slik måte at brystkassane møtes. dette er i grenseland om kan kallast ein five lenger, den har utvikla seg fra ein dobbel open handed up high med hopp, til der ein no har utføring uten sjølve kontakt mjødlo nevane lenger. Ditta er ein svært maskulin five
* multi five – fleire personar utfører ein five med adle dei andre samtidig. Må ikkje blandast saman med the five run, der det utføres fleire ulike fivear etter kvarandre, og kun mjødlo to personar om gongen.
Da finnes jo og monge fleire fivear, men dei fleste vil bere vera varianter av lista over, eller dei vil komma inn onda kategorien for avanserte fivear. Men vil jo vere hyggjeleg om noken kan komma med fleire hovedkategoriar, i tilfelle eg skulle ha gløymt noken (ved
å googla skulle da nok vore mogleg og finna fram til fleire, men da tok eg meg ikke tid te).
Eit mogleg vidare studie vil jo væra å sjå på kva for ein ‘handlingsfive’ som normalt vil bli brukt til kva for ein ‘motivasjonsfive’.
Vil feks tru at up-high vil være dominant ved prestasjonsfiving, og at ein no plukkar me five typisk vil vera ein down-low, der hastigheten på fiven vil indikere noke om intensiteten og fandenivolskheten på fiven.
da finnes nok grunnlag for mykje god vidare forskning her
Yngve
Nov 22, 2010 @ 10:11:40
Jøss, dette var solide saker. Eg er glad det er nokon som er like interessert i fenomenet som meg. Takk for flott innspel.
Tarina
Nov 22, 2010 @ 13:49:49
YNGVE! drit fett
Goood job Stalker!
Digger innlegget
RAGgen
Nov 24, 2010 @ 11:53:41
Gratulerer med dagen i dag og veldig bra kamp i går.
Er særs nøgd med å sjå the thump five i repotoaret av fivea som blei brukt, maskuliniteten oste (om da då ikke var svettelukt me kjente … )
Sundfjord
Nov 24, 2010 @ 15:41:37
Thump five (eller chest pound) som den kallast i Nyborg-miljøet, er mykje brukt hos oss, spesielt av dei større karane på laget.
Thomas
Nov 25, 2010 @ 01:31:47
Har to kommentara til inlegget ditt Yngve.
Bit meg merke i to ting;
1. Ein dobbel five (uphigh, both hands/downlow, both hands)
Vert dette rekna som 1 stk five ? eller 2 stk five?
2. sitat: “roughly 161 gonger”… korleis forsvare du at ett tall som 161 er ett såkalla “roughly” tall?
Med stor kom-og-set-deg-på-min-staur-hugleik
Thomas G