Nyborg-ordboka
30 Nov 2010
I Nyborg så har det samla seg opp ein del interne ord og uttrykk i løpet av åra som har gått. Desse blir flittig brukt Nyborgspelarane imellom. Nokon gongar merkar eg at eg tar med meg desse uttrykka i andre sosiale lag. Så når eg til dømes seier “Eg kauer ikkje”, så er ikkje folk heilt med. Og å drive å forklare slikt er mykje arbeid. Derfor har eg laga ein post der eg samlar opp dei uttrykka som kanskje er vanskeligast å forstå. Folk i Nyborg-miljøet får for øvrig berre legge til fleire eksempel i kommentarfeltet om dei meiner det er noko som manglar. Eg legg fortløpande til det folk kommenterer i posten.

ACA – Anti Card Association. Motpolen til Korts Pelar Forbundet (sjå KPF).
Amo: Kompis, bro, dude.
BB: Kortspelet bonde-bridge
- Hordvik-utspel: Å spele ut trumf tidlig i runden i BB.
- Smurfetrumf: Lav trumf i BB. Som eit resultat har me uttrykk som innsmurfing og semismurf.
Bitchèz: Samlebeteiknelse for ALLE jenter. Vekt på h-en og e-en.
Dyta: Kan bety dipp (spesielt når oppleggjar dippar på andreslaget), eller å delta i nettduell (å dyta). Uttalast som norsk dytta, men gjerne med overdreven aust-europeisk aksent og helst med overdrevent lang a.
Dåorrelii: Samlebeteiknelse på alt som er kjipt/dårlig. Brukes gjerne for å omtale motstandarar. Oppstod første gong når Veggen (sjå kallenamn) skulle serve med de nye ballane. Forøvrig eit ord som både grammatisk og betydningsmessig er i stadig utvikling, noko som er beteiknande for dei fleste ord i Nyborg-ordboka. Stavemåte kan variere, “dåralig” og “doårrrlig” er mykje brukt.
Ezzzeeeehh: Serveess, eller når eit ess blir lagt på i kortspelet Gris. Uttalast gjerne svært gutteralt i sistnemnte samanheng.
Fackyoooo: Eit uttrykk som beteiknar ikkje-ha-respekt-for-motstandaren-haldning. For det meste brukt i møte med utanlandske lag.
Feit-: Prefiks for substantiv, som beteiknar at substantivet er skikkelig bra, skikkelig dyrt, skikkelig svært eller lignande. Døme på desse tre kan henhaldsvis vere feitsmash, feitbåt eller feitkebab.
Fjellskau: Marginal overtramp, fortrinnsvis i forbindelse med tremeterangrep.
Fjøl: Kan brukast både om iPad og om tremeterstreken.
Godkjennee, godkjennbart : Bra, flott, fantastisk (Alt etter kor masse trykk du har på ordet)
Gørb. (ein gørb, to gørbar, å gørbe, har gørba): Ein stilfull type dive på banen, i beste Giba-stil.
Hvaaaaa : Samleuttrykk for spørsmål og uttrykk for frustrasjon.
Hærrrregud: Med veldig stort trykk på rrrr (Sjå “Rrrrrrrrrr”) Oppstod første gang i samme setning som (dåorrelii).
Kaus (å kaue, har kaua): Å bry seg. Å ikkje kaue blir dermed å ikkje bry seg. Når ein seier “Kaus” for seg sjølv, så tyder det “kven bryr seg?” eller variantar av det. Å skrive “caus” er lov, men ikkje spesielt sett pris på.
Knips: Å ta imot serve med fingerslag. Ofte karakterisert som “knipsen”.
KPF : Korts Pelar Forbundet. Mysterisk samansetning av ord frå mastergradsstudent Arne Schei som blei verande. Betyr eigentleg KortsSpelar Forbundet.
Lookaway (ein lookaway, to lookawayar, å lookawaye, har lookawaya): Smash utført uten å sjå på ballen, fortrinnsvis på linja.
Maling: Linjene på banen. Man kan seie “den var det maling på”, for å sei at ballen var på linja.
Malingsstøv: Centimetrane utanfor linjene. Ein ball som det “er malingsstøv på”, er svært nærme å gå på linja, men gjekk ut.
Notsomuch: Brukast gjerne om svake prestasjonar. Kan i det store og heile brukast i staden for det meir vanlege “nei”. Uttalast med særs lang n.
Rodninski: Ein Rodninski er ein grov feilserve i nedre nettkant eller nedenfor, eller utenfor antenna. Blir ofte kalla “ein Joakim Larsen“, sjølv om dette kanskje er mest brukt for servar som treff tre meter bak baklinja.
Rrrrrrrrrr: Mykje brukt uttrykk for frustrasjon og irritasjon. Må uttrykkast med sylskarp skarre-r.
Snakebite: Å heilt uventa plutseleg gjere noko. Eit godt døme er å plutselig smella ein skikkelig feit trumf i bordet og ta stikk i BB. Eit anna kan vere å plutselig blokke nokon når ein spelar libero, sjølv om dette nokså ofte vil føre til hyppig bruk av “hvaaaaa” (sjå “hvaaaaa”) og “Rrrrrrrrrrr” (sjå “Rrrrrrrrrr”)
Spade: Å ta imot mottak med baggerslag. Ofte karakterisert som “spaden”.
Sprettbinge: Salatblanding i plastboks, slik ein finn på Spar, Meny og fleire andre butikkar.
Tåm-Z-plingen: Serveess der ballen går rett ned i bakken frå armane.
SÆRNAMN:
Yngve Sundfjord: Synthi, Yggi, Ynthis, Synthfjord
Jon Jarning: JJ, Knekten, Jake
Kåre Morken: Karemarken (må seiast hurtig), Rixy
Andrej Khanevski: Amo, Sjanevski, Khanno, Dr.Drej
Andre Tolleshaug: Tollis, Andrèaren, Veggen
Tore Hordvik: Store-Tore (no kan du lure på kvifor)
Ørjan Siljander: Ole-Jan
Kristian Bjelland: BB-tard, Kembi
Andreas Takvam: Sotra
Runar Sannarnes: Runior
Endre Thomassen: Tåm-Z, Tard, Taxi
Jan-Christian Eliassen: JC, L.O.D, Fjorden, Loddik, Janaren, Janararen
Ole Martin Helland: Olli, Kesåskjeer






WakawakA
Dec 01, 2010 @ 00:54:32
Trodde vi var enig om at Bjelland var det nye Tarden!=)
Tore H
Dec 01, 2010 @ 16:14:37
Dåorrelii: Samlebetegnelse på alt som er kjipt/dårlig. Brukes gjerne for å omtale motstandere. Oppstod første gang når veggen skulle serve med de nye ballene. Forøvrig et ord som er i stadig utvikling, som jo er betegnende for de fleste ord i nyborg-ordboka.
Hærrrregud: Med veldig stort trykk på rrrr. Oppstod første gang i samme setning som ordet nevnt ovenfor.
Oleeejan
Dec 01, 2010 @ 17:52:19
Hmm, liker ikke helt kallenavnet mitt!! Syns du kan bytte d ut:p
Joakim
Dec 02, 2010 @ 00:34:58
jotakk, må nok leve med den en stund til…
hva med notsomuch og dytta-han ?
Tore H
Dec 02, 2010 @ 14:25:09
Og selvsagt:
KPF – Korts Pelar Forbundet (og eg som trodde Arne hadde mastergrad)
ACA – Anti Card Association
Vegard
Dec 02, 2010 @ 15:41:37
Faaaace – når noen, medspiller eller motspiller, får ballen i ansiktet. Selvfølgelig med undergrupper som også tar hensyn til hendelsesforløpet, som for eksempel self-face.
Hordis
Dec 02, 2010 @ 18:57:53
Veggen: Andre, need I say more
Kristine: Etter utallige forsøk på å kille den ball fra Kembi