Snipp, snapp snute, så var eventyret, samt unnskyldningen til å ikkje lese til eksamen, ute!
25 Nov 2010
Returkampen i europacupens andre runde vart spelt i Haukelandshallen i går. Me tapte 0-3 i borteoppgjeret mot belgiske Prefaxis Menen, men hadde eit sterkare lag med oss denne gongen. Med fullt lag på plass og 500 tilskodarar i hallen var me klare for nok ein europacupthriller.
Og thriller blei det til gagns. Etter rundt 2 timar og 45 minutt med beinhard kamp om kvart poeng, var nederlaget til slutt eit faktum. Me vann sjølve kampen 3-2, noko som ga oss eit Golden Set, og med det sjansen til å ta oss vidare til 3.runde. Dette avgjerande settet blei tapt med minst mulig margin, 13-15, etter at me leda 8-6 ved sideskift. Såklart ekstremt surt å tape kampen, men også ein prestasjon som eg tviler på blir matcha av andre norske klubb- eller landslag på mange, mange år. Kampen i sin heilhet blir lagt ut på YouTube-kanalen min i løpet av kommande helg, vil eg tru.
Som eg skreiv etter sigeren i første runde mot SEAT Volley Näfels, så er eg superstolt over det me har prestert. Det er fantastisk at me presterer årsbeste i ein så viktig kamp framfor så mange tilskodarar. Alle spelar opp mot sitt aller beste, kanskje spesielt Ole Martin og Kristian. Meir kan ein ikkje håpe på.
For min eigen del er eg brukbart nøgd med kampen. Som rykande fersk 21-åring (sjølv om eg var 20 når kampen vart spelt), så er eg nøgd med å takle å ha nesten 3/4 av banen i mottak store deler av kampen. Kan ikkje huske meir enn ett mottak som ikkje var bortimot perfekt. Fekk meg ein skikkelig psychoplukk på eit angrep frå monstermidten deira, det var nice. Ellers burde eg tatt meir i forsvar, men det får heller gå. Litt stolt av meg sjølv må det likevel vere lov å vere når eg gjer det såpass godt ved ein sånn anledning. Eg skal iallfall vere litt stolt fram til laurdag, då ventar Randaberg i semifinale i cupen i Stemmemyren. Kampen går 1530, og eg oppfordrar folk til å komme og sjå ein bra kamp mellom to gode lag. Under ser du eit intenst slengebilde av meg. Viktig av Espen Stensvoll å fanga eit så sjeldent øyeblikk.
No som me er ute av europacupen og det blir slutt på midtvekekampane i fjerne land, blir det meir tid til det eg egentlig burde prioritert, nemlig skule. Eg har eksamen 15 og 16.desember, og ettersom eg har vore svært mykje opptatt med volleyball heng eg litt etter. Forhåpentligvis bergar skippertaksmetoden semesteret nok ein gong. Det er rett og slett blitt ein livsstil å stresse som om livet sto på spel veken før eksamen. Men no må eg passe meg for å stresse for mykje, ettersom eg er blitt 21 og hjarta mitt etter all sannsynlighet er blitt svakare og risikoen for hjarteinfarkt sikkert har gått drastisk opp. Merka når eg sto opp i dag over at eg irriterte meg over trekken frå vinduet, dette er ikkje eit godt teikn.
Skulle gjerne skreve meir, men merkar at suget etter kamferdrops byrjar å trenge seg på.






Ørjan
Nov 25, 2010 @ 01:33:41
D er veldig viktig å passe seg for trekken!! eg opplevde trekken på sitt verste for noen år siden sjøl:/ den kan være skummel..
og no når du begynner å bli gammel har du lov til å gå noen turer i nabolaget mens du syter over alle snørrungene som løper rundt i gatene, og det er veldig viktig at du gir de neven når de ikke oppfører seg!
Etegyt
Nov 25, 2010 @ 01:49:00
å guuuu! Trekken!
Tarina
Nov 26, 2010 @ 22:31:10
hahahah! Hver dag på Rema 1000 klokken halv 10 kommer det en gammel dame innom, hun betaler alltid med en 100-lapp og beløpet kommer alltid på 45-tallet:p og Idag syntes hun det var svært kaldt ute, det var så sur vind og det trakk så fælt:p Kom til å tenke på bloggen din
Ronja
Nov 26, 2010 @ 22:53:59
Onkel Yngve datt og tok ballen på haue han