SuperSamleSpelelista!

Eg, som mange andre, har trykt musikkstreamingtenesta Spotify til mitt bryst. Eg er ein særs flittig brukar, ettersom eg høyrer ein del på musikk når eg gjer ingenting.

Som ein kan sjå på Spotify-profilen min, har eg lagd til ein del spelelister som eg bruker i ulike samanhengar. Av og til syns eg det er kjekt å spørje andre om tips til musikk. Og sidan eg ikkje har nokon vennar og skyr direkte sosial kontakt med andre, kjem eg med ei oppfordring her istadenfor å gjere det direkte til folk.

Eg har då laga ei ny speleliste. Den heiter SuperSamleSpelelista. Eg har gjort den om til ei åpen speleliste som andre kan legge til musikk på. Hensikten med denne spelelista er at eg vil at alle som les dette skal legge inn ein, og berre ein, av sine yndlingssongar i denne spelelista, uansett kva ugudeleg sjanger det måtte vere. Det einaste eg kjem til å slette umiddelbart, er DonkeyGay og Alexander Rybak. Og sjølvsagt alt som kjem frå folk som har vore med som deltakar i X-Factor.

Så. Sett i gong!

Ingen kommentarar

Legg att ein kommentar