Fangsten

Sidan eg verken bryr meg om ei trivelig tid med familien, god mat eller giverglede, er sjølvsagt det einaste eg bryr meg om julaftan dei gåvene eg får. I denne posten summerer eg opp fangsten.

Mitt nye superfunky slips

Det som kanskje er viktigast å nemne, er at eg fekk heile to av dei tinga som sto på den særs alternative ønskelista mi. Eg gler meg allereie til å sprade rundt på cupfinalebankett med 8-bits slips. Det vert også koseleg å ha ei dørmatte som er forma som ein Enter-knapp. Til sist av nerdeting fekk eg ei Big Bang Theory t-skjorte med eit fint og diskrè “Paper, Rock, Scissors, Lizard, Spock”- motiv. Awesome.

Ellers fekk eg ei dresskjorte og ei flanellskjorte, ein fleecejakke og ei allværsjakke, og ikkje minst fekk eg ein hysterisk kul og temmelig nynorsk Ivar Aasen-underbukse. Det er ikkje til å leggje skjul på at eg kjem til å føle meg kulare enn dei aller fleste med den på. Dei siste tinga eg fekk var ca$h, ei mikrofiber t-skjorte, flakslodd, ein pakke klissekjeks (ein gjengangar under Sundfjord-juletreet) og litt sjokolade. Sjokoladen er i grunnen ikkje verdt å nemne, då den under mystiske omstendigheter forsvann(les: eg åt opp heile driten) under oppakningsseansen.

No sit eg igjen med ei heller fin kjensle om at jula blir fin. Eg har faktisk ein litt planar for kva eg skal gjere i ferien, og kjenner at eg gruar meg til den er over. Det betyr kanskje at eg har vore flink dette halvåret, då eg vanlegvis på dette tidspunktet allereie har hatt to-tre veker ferie og er klar for å starte opp att med skule o.l. Ferien kjem antagelig til å bestå av litt gjensyn med gamle vener på rølpefest, fotballcup, volleyballtrening(ar) og forhåpentligvis to hytteturar, inkludert ein tur på hytta til sandvolleyballsuperstjerna Janne Kongshavn nyårsaftan. Eg trur det blir bra. No skal eg nyte veka framover, i tradisjonens tro :)

1 kommentar

1 kommentar

  1. janne
    Dec 25, 2010 @ 21:16:51

    Digger slipset ditt :)

Legg att ein kommentar