Jul i Hordagaten 85
10 Dec 2010
Eg er ikkje akkurat ein Coca-Cola-lastebil når det kjem til å skape julestemning, men 9.desember var det jammen jul i Hordagaten 85 også. Julestjerna på plass i vindauget, klementinene i kjøkkenskapet og mamma sine sjakkruter i den fine kakeboksen. Pluss på at det er 10 timar skule dagleg og generelt kaos fram mot eksamen så er det ekstra jul.





