Lysare tider

Ein treng vel ikkje vere spesielt begava for å legge merke til at det har skjedd ein del ting med utsjånaden her på sundfjord.com. Sidan fredag har eg arbeidd litt (les: manisk ved kvart einaste ledige augneblink) med eit nytt tema. No seier eg meg cirka ferdig, og lurer på kva de syns.

Utvikling

Her har det skjedd ting.

Etter drøye ti månader med det gamle temaet, fann eg ut at det var på tide å friske opp litt. Hovudgrunnen var at den gamle sida var så mørk og det blei dermed slitsomt å lese lengre innlegg der. No er det litt lysare. Bakgrunnen er dog framleis grå, ein nydelig bakgrunn eg har stjelt av Trude Leknes. I tillegg fungerte den gamle sida særs dårleg på andre nettlesarar enn Firefox. Denne sida skal oppføre seg nokonlunde likt for alle nettlesarar, kanskje med nokre små variasjonar. Internet Explorer har eg ikkje tatt meg bryet å teste i, då folk som bruker dette ikkje fortener å lese på sida mi. Dei fortener faktisk ingenting. Om det er nokon som framleis nyttar Internet Explorer – skift. Du ville ikkje sykla på trehjulssykkel på motorvegen om du hadde ein bil tilgjengelig, og det er det du gjer når du nyttar IE. Men no går posten over i IE-rage, og eg skal tilbake på sporet eg var på tidlegare.

Andre ting som er nytt på sida, er at det er lettare å sjå gjennom bloggarkivet mitt. Alle bloggpostane mine står fint og lett oversiktleg presentert kronologisk på arkivsida. Ellers linkar eg til dei sosiale media m.m som eg nyttar mest ute til høgre i sidebaren. Der kan de finne ut mykje om meg. Elles skal eg byrje å kategorisere innlegga eg skriv/har skreve, slik at ein kan velje seg ein kategori som de meinar eg skriv godt i. Eg fryktar at overvekta på postar i kategorien Volleyball blir pinleg stor etter kvart. Av smågodt så kan eg nevne at når ein trykker på bilete, blir dei forhåpentligvis vist på ein pen måte med LightBox. Najs. Det er slikt som ein litt tafatt nørd som meg gler seg over på ein søndagskveld.

Om de har meiningar om det nye temaet, sterke eller svake, så kom med dei. Er det noko feil som skjer, noko som går gale i ein nettlesar (utanom IE, sjølvsagt, for det drit eg i) eller liknande, sei ifrå.

7 kommentarar

7 kommentarar

  1. janne
    Dec 06, 2010 @ 02:20:13

    Liker :) Dette var bra! Lettere å lese ja!

  2. WakawakA
    Dec 06, 2010 @ 02:56:00

    kan på en måte godkjenne!

  3. wakawaka taxi
    Dec 06, 2010 @ 02:56:45

    men kommentarfeltet ser litt artig ut i Chrome..

  4. dnalleh
    Dec 06, 2010 @ 10:29:30

    Gravatarane kjem over kommentarteksten i Chrome iallfall. Du får plassere dei på høgresida, eller ta dei vekk. :)

  5. dnalleh
    Dec 06, 2010 @ 10:50:04

    Men ellers særs bra! Solid M+.

  6. Yngve
    Dec 06, 2010 @ 12:36:42

    Har gløymt å haka vekk gravatarane i admin. Får berre white screen når eg prøve å logga meg inn på adminområdet! Forøvrig artig kor utruleg drit sida er i IE :)

  7. dnalleh
    Dec 06, 2010 @ 13:24:07

    Har hatt det problemet ein del gonger. Hjå meg var trikset å fjerne tomme områder på topp eller botn i functions.php. Eller ein plugin som fjase. http://alteredadvice.com/wordpress-wp-admin-blank-page-fix/

Legg att ein kommentar