Musikkåret 2010
27 Dec 2010
Eg er glad i musikk. Eg er også glad i lister, så å benytte meg av Last.fm, der musikken eg høyrer på blir registrert og rangert i lister, er særs naturleg for meg. No lir 2010 mot slutten, og eg har sett på brukarprofilen min for å sjå kva eg har høyrt mest på. Her er dei ti mest avspelte artistane.
Nummer ti er iallfall dei amerikanske og eksperimentelle rockarane i Deftones. Mesteparten av avspelingane er nok den ekstra megakule låten Passenger. Denne ligg i ei av mine mest brukte spelelister på Spotify, så det er litt juks. Men eg har også høyrt ein del på dei andre albuma, der både White Pony og det nyaste albumet Diamond Eyes er skikkelig kult.

Nummer ni er det britiske og musikkhistorisk viktige indierockbandet The Smiths. Steven Morrissey er ein aldeles fantastisk vokalist, som sjølv i sine mest manisk depressive songtekstar kan presse inn humor som får ein til å nærast le høgt. Ein favoritt som kan anbefalast er Please, Please, Please, Let Me Get What I Want. Forøvrig eit uhyre stygt band. Det er såvidt eg vil leggje ved eit bilete.

Eg har omtalt nummer åtte på lista før i ein tidlegare bloggpost. Australske The Temper Trap har gjort året lysare med debutplata Conditions. Denne har vore spelt veldig, veldig mykje, og spesielt superhiten Sweet Disposition og åpningslåten Love Lost har fått mykje speletid i det innerste rommet i Hordagaten 85.

ISIS er nummer sju. Dei er amerikanske og vanskelig å plassere i ein sjanger. Det går vel an å kalle det progressiv metal. Det er nemlig metal, men med fokus på repetitive riff og melodisk samspel heller enn vokal. Det er iallfall heilt sjukt digg å høyre på, og det er vel ein grunn til at den rekk så høgt på den prestisjetunge lista. Høyr gjerne Holy Tears for eit høgdepunkt.

Ettersom eg syns at skotsk dialekt er grisekult og at alternativ rock er ein bra sjanger, er det only natural at det skotske alternative rockebandet Glasvegas innehar sjetteplassen. Debutalbumet, som har den meget kreative tittelen Glasvegas, inneheld mange låtar eg bokstavelig talt har forelska meg i (fleire av songane er såkalla “loved tracks” på last.fm). Geraldine og Lonesome Swan er to av dei mest anbefalte. Forøvrig må eg takke søte Tore Hordvik for tipset om desse.

Når me bevegar oss inn på topp fem, finn me faktisk nummer ein gjennom tidene. Her er nemlig Metallica. Eg treng vel ikkje akkurat skrive kva Metallica står for, ettersom dei fleste veit at Metallica er eit av verdas største, beste og mest høglydte heavy-metal band. Det er eigentleg heilt umogleg å velje ut ein song ein bør høyre på føre andre, men sidan den er mest spelt, så seier eg Until It Sleeps frå den etter mi meining undervurderte Load-plata.

Fjerde- og tredjeplass kan når sant skal seiast nemnast i same åndedrag. Dei er henhaldsvis Sun Kil Moon og Red House Painters. Mannen bak desse to er geniet Mark Kozelek, som eg omtalte i ein post i forbindelse med konsertens hans i Bergen i oktober, Konserten er favorittkonserten min. Eg spelte omtrent samtlige avspelingar av desse to banda dei siste tre månadane, så om eg hadde oppdaga dei før, er det stor sjans for at ein av dei ville vore nummer ein på denne lista. Anbefalingar her er Carry Me Ohio av SKM samt RHP sin Vanilla Sky OST-versjon av Have You Forgotten. Mmm.

Det tar oss opp til nummer to. Ein skulle tru at eg berre høyrte på indierockarane i Death Cab for Cutie fordi eg vil vere som Seth Cohen i The O.C, men det er faktisk ikkje slik det har seg. Death Cab speler ein musikk eg syns er genuint fantastisk. Det som er fint med DCfC, er at eg har høyrt særs masse på dei, og samtidig har eg knapt høyrt eit sekund av dei første tre albuma deira. Eg har med andre ord masse å glede meg til. Your New Twin Sized Bed , Summer Skin og I Will Follow You Into The Dark er tre av ei perverst lang rekkje flotte låtar som kan høyrast igjen og igjen.

Nummer ein på lista moste all motstand i år. Han har vore spelt særs mykje, særs ofte, til særs stor glede for øyrene mine.
Vinnaren 2010 er sjølvsagt amerikanske Jeff Buckley. Singer-songwriteren, med røter i folk rock og blues, er utstyrt med ei intens, kjenslefull og ikkje minst vakker røyst. I kombinasjon med låtskrivartalent og musikalsk begavelse er å lytte til det beste av Jeff Buckley ein sann nytelse. Hans altfor, altfor tidlege dødsfall er verkeleg ein av dei mest tragiske hendingane i musikkhistorien. Han ville blitt ein sann legende. Hans kanskje mest prominente låt er hans cover av Leonard Cohens Hallelujah, den soleklart beste versjonen som eksisterer av songen. Ellers er Lover, You Should Have Come Over eit meisterverk, men eg anbefaler dykk i grunnen berre å sjekke ut den supersexyJeff Buckley- spelelista mi på Spotify.

Det var 2010. No står 2011 for tur, og er har allereie ein mistanke om kven som kjem til å dominere listene. Før eg avsluttar posten og du kan gjere noko kjekkare, vil eg nemne artistane eg trur kjem til å kjempe om æra i 2011.
God Is An Astronaut – Irsk instrumental post-rock trio som har eit par album som treff meg midt i hjarta. Blir garantert høgt oppe.
Lissie – Superflink folkrockar med sans for gode låtar. Eg traff Lissie på flyplassen i Brüssel, og sidan har eg vore forelska. When I’m Alone blir nok mykje spelt, for den er dritbra.
Death Cab for Cutie – Som tidlegare nemnd har eg ikkje høyrt masse på dei tidlege albuma, det gjer eg nok i 2011. Samstundes er eit nytt album på trappene til våren.
Mogwai – Deilig, atmosfærisk og ikkje minst skotsk post-rock som eg har høyrt for lite på. Eg trur på ei endring av den situasjonen.
This Will Destroy You – Post-rockarar frå US & A som tydelegvis er ute etter å øydeleggje meg. Det blir interessant.
Tool – Eit av mine absolutte favorittband har knapt vore avspelt i 2010, det samme blir neppe tilfelle i 2011.
Reknar ikkje med du har gidda å lese så langt som dette, men om du mot formodning har gjort det, så føl deg fri til å kommentere dersom du finn noko du likar blant dei ti artistane som eg no har nemnd. Eg ser fram til musikkåret 2011.






magnus
Dec 27, 2010 @ 16:12:07
ingen elektronika yngve? buu
Vibeke
Dec 27, 2010 @ 22:53:55
Eg syns det er litt vittig at du nevner Seth Cohen, har alltid følt at du ligner litt på han!
Yngve
Dec 27, 2010 @ 23:08:23
Hehe. Kanskje det blir elektronika om du startar bloggen eg snakka om, Magnus. Eg trur ikkje du er den første som tenker den tanken, Vibeke
Tore H
Jan 05, 2011 @ 10:52:44
Veldig morsomt Yngve!! Det sitatet var tatt helt ut av sammengeng (oksene altså)