Rein latterbombe, bokstavelig talt
03 Dec 2010
Hin dagen kom eg tilfeldigvis over ein YouTube-video av ein amerikansk komikar. Han heitte Brian Regan. Eg såg gjennom, lo og koste meg, og konstaterte at eg har funne meg ein ny komikar å sjekke ut. Eg har no sett gjennom eit show av han, I Walked on the Moon, og kan slå fast at han er heilt topp.
Det som er heilt topp med han, er at han er ein såkalt “rein” komikar, som ikkje treng vere vulgær eller bruke stygt språk for å vere morosam. Brian Regan støttar seg kun på eit morosamt kroppspråk og ein utruleg evne til å setje ord på ting, når han legg fram sine poeng. Omtrent samtlege poeng han har, er observasjonell humor som kjem frå kvardagslege ting. I den korte og desverre relativt pikselerte videoen nedanfor, tek han for seg noko så enkelt som ein walkie-talkie og gjer det heile morosamt. Eg anbefaler Brian Regan på det varmaste. Ein kan finne fleire segment frå “I Walked on the Moon” ved hjelp av eit enkelt Google-søk.






Jon E
Dec 03, 2010 @ 16:14:05
Epic!