Den som ler sist..

Dei fleste har kanskje fått med seg at Førde vann cupfinalen 3-2 i helga. Føre heile 1400 tilskodarar måtte Nyborg sjå seg slått med 19-17 i femte sett, etter ein kamp langt under pari. Kampen vart også dekka av NRK Nett-TV, og heile deira sending, kyndig kommentert av Geir Opseth og Rune Fossum, kan de sjå her. I kjølvatnet av fadesen reflekterer eg.

Før eg skriv noko meir, vil eg berre la alle som les dette forstå at eg tykkjer Førde vann finalen fortent og fortente gullet på heimebane. Dei har åpenbart gjort ein god jobb i forkant, og fekk ut maks av laget på den store dagen, og all ære til dei for det. Dei har fleire sympatiske typar på laget som eg syns fortener gull. Berre slik at ingen trur eg meiner Førde vann ufortent.

Samtidig var det vel openbart for alle som såg på at me i Nyborg ikkje var på det nivået me har inne i laurdagens finale. Servetrykket var ikkje der, og det gjekk lenger mellom dei gode handlingane i blokk enn vanleg. Spelarane våre kom ikkje i flyten, og sleit når det skulle avgjerast. Heller ikkje servemottaket var på vanleg nivå. Som eit resultat fekk Førde lov til å spele periodevis meget godt, noko som til slutt gav dei ein etterlengta cupsiger føre heimepublikummet.

Dette bør Førde nyte mens dei kan.

I Nyborg likar me ikkje å tape. I Nyborg er ikkje sølv og hederlig innsats godt nok. I Nyborg er det berre siger og gull som er godt nok. Det seier seg derfor sjøl at samtlege spelarar er bitre og hevnlystne etter ein slik kamp. Eg er ein av dei. Eg var kvalm då eg såg Førde motta pokalen. Ikkje fordi det var Førde som mottok den, men fordi det ikkje var oss. Kjensla av å sjå spelarar med annan logo på drakta strekke armane i veret i triumf er den mest horrible kjensla eg veit. Me tapar ganske sjelden, derfor er denne kjensla ganske framand. I ein slik situasjon som på laurdag blir den ekstra, ekstra sterk. Og den gjer oss ekstremt revansjesugne.

Depping, for siste gong i år. Foto: Andreas Dahl-Isaksen, Firda.

Eg gratulerer Førde med sigeren, og seier at dei kan nyte kjensla no, men me skal sørge for å vinne kvar einaste seriekamp denne sesongen, og gå ubesigra gjennom sesongen. Forhåpentligvis vil seriegullet vere sikra når me møter Førde på heimebane, slik at dei kan sjå oss heve pokalen i veret, som eit synleg bevis på at me er det beste laget, iallfall over ein heil sesong.

Frå no av skal eg vere best alltid.

Det skal ikkje vere nokon tvil om at me er suverene. Etter eit slikt bittert finaletap er det ikkje lenger godt nok å vinne serien. Etter eit slikt finaletap er det naudsynt for meg at me knuser alle, i kvar kamp, og endar opp eit verdshav framfor dei andre på tabellen. Det er naudsynt for meg at kvar einaste ballveksling skal vere enda eit bevis på at me er så mykje betre enn alle dei andre laga i Norge. I kjølvatnet av å ha tapt ein kamp drit eg i mangfoldet i norsk volleyball, det einaste eg vil er å vere best og vinne alt suverent, heile tida. Eg meiner ikkje det at me nødvendigvis er så suverene og at me bør knuse alle alltid, men det er det einaste som er godt nok for meg akkurat no.

Revansjen startar mot Koll i Kringsjåhallen laurdag 15.januar klokka 15.00.

6 kommentarar

6 kommentarar

  1. Lars
    Jan 11, 2011 @ 15:32:32

    Syns allerede synd på Koll….

  2. Jon
    Jan 11, 2011 @ 18:20:29

    Enig med deg der Lars! Får det nok tøft i helga laget fra Oslo!

  3. WakawakA
    Jan 12, 2011 @ 16:44:39

    It’s on!

  4. Sjenerell øppdejt.
    Jan 23, 2011 @ 19:02:09

    [...] har gått ei god stund sidan den litt intense sinnaposten min etter cupfinalen. No er det tide på med ei meir kaldblodig og reflektert gjengiving av det som har [...]

  5. Jan Egil Tvinde
    Jan 28, 2011 @ 00:13:17

    Først av alt grattis med knusande 3-2 siger over Koll sist helg. Reknar med det var slik du meinte det skulle vera med det du skreiv i sinnaposten din. Nyttar samtidig høvet til å gratulerar Førdegutane med kveldens knepne 3-2 siger i første finalekampen i Nordisk liga over Marienlyst (laget som har vunne NL dei siste to åra). Dei hadde kanskje ein dårleg dag dei og….
    Heilt greitt at du skildrar Nyborg sin finaleinnsats slik du gjer, men ved å påstå at Førde VBK spelte sin livs kamp, oppfattar eg raskt manglande innsikt. Førde vann på ein dag der spelet som vanleg svinga ein god del. Hadde me spelt ein god kamp, så hadde me spelt tre første sett på rad. Då spelte me tidvis opp mot vårt beste.
    Hadde me vore så heldige som de er i Nyborg med å ha dei aller fleste spelarane i same byen heile tida, så skulle de fått tøffare kamp om seriegullet og…
    Lukka til på vegen mot seriegull…so får me sjå kva det er best å le av…
    Me i Førde fylgjer i alle fall med på Nordisk Liga denne helga….

  6. Yngve
    Jan 28, 2011 @ 04:44:22

    Blei ikkje heilt som planlagt mot Koll, nei. Mykje vilje og liten evne. Heldigvis fekk me litt flyt mot Randaberg og revansjerte oss litt der.
    Meget sterkt av Førde å slå Marienlyst, det viser at det ikkje var tilfeldigheter som gjorde at de vann finalen. No har Førde overvunne det største hinderet, og det einaste som står i vegen for NCC-siger er det mentale.
    Det eg skreiv om Førdes spel i finalen var skreve i solid affekt og satt på spissen, noko som forsåvidt gjeld det meste eg seier og skriv. Har sett kampen eit par gongar på NRK, Førde hadde også noko å gå på, ingen tvil om det.
    Noko fasitsvar på kva som betyr mest å vinne har eg ikkje, men for meg er det iallfall veldig viktig å vinne serien, då eg ser på det som eit prov på stabilitet.
    Men sjølvsagt, siger i NCC vil vere ein kjempeprestasjon. Eg også følgjer med, og ønskjer lukke til!

Legg att ein kommentar