NM-finale

Eg må skrive litt om det som skal skje i Førde i helga. Laurdag klokka 16.00 er det nemleg NM-finale i volleyball for menn i Førdehuset, logisk nok mellom Nyborg og Førde. Det er venta over tusen tilskodarar, så det vert nok ein morosam kamp å spele.

Nyborg-kruet køyrer til Førde med spelarar, lagleiarar, scoutar, betre halvdelar og rødvinskartongar i morgon fredag. Der skal me bu på Rica Sunnfjord Hotell, der me skal ete særs mykje frukost på dei to nettene me er der. Me skal også slappe av og førebu oss på ein tøff kamp mot eit særs blodseriøst Førde-lag, som visstnok har lege i treningsleir i fjellområda i Afghanistan i forkant av kampen. Ryktene vil ha det til at servemaskinene dei hadde der nede var ombygde artillerikanoner, derfor følte førdianarane at det var best utbytte å køyre oppladninga der.

Førde trener servemottak på treningsleir.

Det eg skreiv no var kanskje sett litt på spissen, men poenget er at det kan sjå ut som Førde har lagt sjela i førebuingane. Det kan vel diskuterast om me har hatt samme slitet. Tre treningar saman etter jul er fasit. I Nyborg har me likevel trua på å førebu oss som til ein heilt vanleg kamp. Dette er ei oppskrift me har hatt ein viss suksess med tidlegare. Nærmare bestemt i kvar einaste kamp dei siste to-tre åra.

Så gjenstår det å sjå om det vert Paper Toss- ekspert og libero Lars Fredrik Tvinde sine magiske gørbar som kan avgjere for Førde, eller om ein annan førdiansk frelsar står fram. I Nyborg har me trua på at lookawaysmikken til den spretne karen frå Sand, dyten til Kåre eller kviterussisk cut på blankt nett kan gi oss sigeren. Me har stor tru på oss sjølve og skal vere temmelig gode. Me gler oss.

Får me sjå Ørjan gi Lars Fredrik Tvinde og håret hans killerblikket laurdag?

Om du av ein eller annan uforståeleg grunn ikkje har høve til å møte opp og heie på meg, er det faktisk blitt så stilig med cupfinale at den blir streama PÅ DÌREKTEN på Nrk.no sine vevsider! Halleluja, klikk deg inn og glo.

Heilt til slutt må eg også få ønske mi gode venninne og eks-kjærast frå sjuandeklassen, Mari Nerhus, masse lukke til med sin cupfinale, som går av stabelen i Oslo same tid som oss. Eg trur ikkje laget hennar UiS treng så mykje lukkeønskningar for å slå Oslo Volley så lolsuverene som dei har vore, men det er greitt å sei det likevel.

2 kommentarar

2 kommentarar

  1. Silli
    Jan 07, 2011 @ 11:09:49

    hahaha, sykt bra :p

  2. Vibeke
    Jan 09, 2011 @ 03:58:10

    Oi, hei killierblikk.

Legg att ein kommentar