Sjenerell øppdejt.
23 Jan 2011
Det har gått ei god stund sidan den litt intense sinnaposten min etter cupfinalen. No er det tide på med ei meir kaldblodig og reflektert gjengiving av det som har føregått i den store festen som er livet mitt.
Først og fremst har me spelt to kampar i serien. Den eine enda med kun to poeng, 3-2- siger mot Koll. Her var me ikkje spesielt gode i mottak og Koll spelte relativt bra, men me berga heldigvis to poeng i Kringsjåhallen. Helga vart redda ved at Kåre Morken hadde gjesteopptreden i KPF, og sikra to gode 4-mannsrundar i BB når store deler av KortsPelarForeninga var opptatt av andre ting enn kvalitetsBB. Den andre kampen vart spelt laurdag mot Randaberg på flunkande ny parkett i Stemmemyren. Flyten, futten, og den solide knipsen og spaden (sjå Nyborg-ordboka) var tilbake og det var kjekt å spele. Me vann 3-0. Så me har i det minste fått revansjert oss litt etter dustecupfinalen. Sigeren vart feira saman med sikkert minst 67% av Bergens befolkning i penthousen til Andrè.
Ellers har me stilige folk på bachelorstudiet i Nye Medier starta på nytt semester, og dette halvåret har me INFO221 og INFO261. Det er venta at desse faga er hakket chillare enn databasefaga frå helvete frå førre semester, derfor nyttar eg høvet til å forsøke å forbetre den nokså miserable prestasjonen min i INFO132. Når me snakkar om tidlegare prestasjonar på UiB, så nyttar eg høvet til litt sjølvskryt. Eg slo nemlig til med A i det fyldige 15-poengsfaget MEVI153, og det var smut. Me lagde ei nettside for Hansa Bryggeri, den kan du sjå her. Me hadde faktisk eit såpass bra produkt å vise til at Hansa visstnok vil nytte sida me laga i profileringa si.
På skulen har det også vore internasjonal dag på fakultetet. Her var eg på orienteringsmøte for å sjekke mulighetane mine for utveksling neste semester. Dette er ein mulighet eg ikkje heilt vil utelukke enda, sjølv om eg trur at muligheten til eit nytt legendary europacupeventyr med Nyborg kjem til å friste for mykje. Eit halvt år med frie studiepoeng i New Zealand, Australia eller Nord-Amerika ville vore ganske stilig, trur eg. Om eg plutselig skulle få crazy eventyrlyst, må eg søke om plass innan 1.februar.
Eg har og endelig fått meg ny mobiltelefon. Etter litt for lang tid og litt for mykje frustrasjon med ein Sony Ericsson w910i, var det på tide med noko nytt og stilig. Eg kjøpte meg HTC Desire HD, toppmodellen til HTC. Eg kjøpte den for niceprice hos Christer Lamberg. Eg anbefalar på bakgrunn av dette kjøpet alle å vere venn med Christer. Dette er sjølvsagt ikkje den einaste grunnen til å vere venn med han. Eg har lyst til å vise korleis telefonen ser ut, men eg fann snart ut at det var vanskeleg å ta bilete av telefonen med telefonen. Derfor blir det eit bilete saksa frå ei ekstern kjelde.På onsdag denne veka var eg på eit møte der ein diskuterte kva bergensklubb som skulle få kva oppgåve i forbindelse med U16-NM i Bergen til våren. Der vart eg spurt om eg kunne setje opp ein livestream frå ein bestemt bane i Haukelandshallen som skal vere oppe turneringa gjennom. Dette sa eg ja til, så no får me sjå om det vert noko av. Det blir isåfall det første NM med eit slikt tilbod, og det ville vel vore ei såkalla fjær i hatten både for meg og kretsen. Eg har aldri heilt skjønt verdien av ei fjær i hatten, derfor skal eg frå no av bruke uttrykket “ein kjekspakke i godteskapet” istaden. Som test for dette prosjektet skal eg forsøke å få til ein stream frå Nyborg sin neste kamp i Stemmemyren laurdag 5.februar. Det kan bli spennande å prøve seg på. Kampen er forøvrig mot Oslo Volley og eg ønskar meg minst 67% av Bergens befolkning på tribunen.
Eg trur det var det som var verdt å nemne. Om eg kjem på noko anna spennande, så skal eg såklart skrive det i neste post som, om eg kjenner meg sjølv og min tendens til å drite i å skrive postar rett, kjem om tre veker.









