Gjesteinnlegg
17 Feb 2011
Alle bloggarar opplever periodar der dei slit med å skrive ned ting på bloggen. For meg er det forsåvidt berre fordi det ikkje skjer ein døyt som er verdt å blogge om i livet mitt. Derfor er det bra å ha eksterne ressursar som kan steppe inn og redde meg når det skjer ekstra lite. Det er med andre ord klart for eit gjesteinnlegg, med ein viktighetsgrad som er heilt i tråd med det eg vanlegvis presterer. I tillegg føretrekk ho akkurat som meg å skrive på nynorsk føre å skrive på dansk. Det skal nemlig handle om kortspelet kabal, og det er skreve av ei kabalgal (hoho!) jente som har valgt å forbli anonym. Eg kan røpe så masse som at namnet hennar byrjar på M og sluttar på aja Lesto-Raad. Meir vil eg av respekt for ho ikkje røpe.
Har du nokon gong hatt den følelsen då du berre vil legge deg i fosterstilling og ligge der for alltid? Eg og. Men denne gongen er det verken snakk om dagen derpå eller kjærleikssorg, eg snakkar om det evig frustrerande spelet kabal.
Ein virtuell kortstokk som omtrent har tatt livet av meg. Kvifor, spør du? Svaret er enkelt, den går ikkje opp. Frustrasjonen over å ikkje få lagt korta i rekkefølgje i hjørnet på skjermen, er grenselaus. Eit nokså enkelt tidsfordriv er blitt ein avhengighet. Ein avhengighet som ikkje blir tilfredsstilt før alle korta er i rekkefølgje og korta hoppa ut av skjermen som følgje av at kabalen har “gått opp”.
Det kan ta minutt, det kan ta tima. Det er ikkje ein overdrivelse når eg seier at det ein gong tok det meg over 2 tima. 2 tima som kunne blitt brukt til lesing, trening, sosiale samankomsta og etc, 2 tima som eg aldri får tilbake. Teorien min om at kvar sjette kabal går opp er blitt lagt i grus, knust og spytta på, opptil fleire gongar. Og irritasjonen over at eg ikkje kan klappe saman pc`n og “walk away” gjer sjeldan saken betre. For kor lang tid kan det eigentleg ta? Overraskande lang! Sjølv har eg vurdert moglegheita for at eg faktisk er heilt evneveik når det kjem til kabal, evt kortspel generelt, men har heller konkludert med at kabal er eit dritspel. Eit dritspel som eg ikkje kan slutte å spele. Til tross for at eg hatar å tape. Og til tross for mine store plana om å endeleg skaffe meg eit liv.
Får heller ta Ølves store son på ordet og kryssar fingrane for at “liv er oppskrytt”.







Jesus
Feb 17, 2011 @ 23:09:19
Oh lala! For et fargerikt innlegg! Kan ikkje denne anonyme Maja Lesto- Raad få skriva marr? PLIIZ
André
Feb 21, 2011 @ 14:50:34
Ouu! Kjærleiken blomstrar!