Kjendis(og)gudfar
03 Feb 2011
Som overskrifta fortel, så har eg altså sidan sist post både blitt kjendis og gudfar. Eg veit ikkje om det seier mest om intervallane mellom postane mine eller om kor actionfylt den drøye veka sidan sist post har vore.
Så mykje eg skulle ønske at eg var ein elegant, supermektig og supersiciliansk mafiaboss, så er det nok den meir utbredte varianten av gudfar eg er blitt. På søndag var eg nemlig i dåp i Førde kyrkje og bar min nevø Mattis fram til presten så han kunne søle vatn på hovudet hans. Det fungerer fiffig nok slik at Gud vil ikkje lata deg inn i riket sitt om du ikkje får litt lunka vatn i augene. Ein dåp har ein tendens til å vere litt høgtidlig, så eg var med rette ekstremt nervøs.
Heile seansen ga meg ei meistringskjensle så inderleg at eg følte eg kunne ha svømt butterfly i lufta til dåpsfestlokalet uten problem. Ganske teit å dra symjing inn i noko som er flying i seg sjølv, men eg hadde bruk for eit eksempel som var så absurd som mogleg. Uansett. På dåpsfesten vart det nice koldtbord og gode kaker. I det heile tatt ein mykje betre opplevelse enn sist eg var i Førde.
Så har eg jo også blitt kjendis. Ein journalist frå Studenttorget.no, som er ei side eg ærleg må innrømme at eg aldri har hørt om før no, kontakta meg gjennom kontaktskjemaet på bloggen og spurte om eg ville vere med å svare på nokre spørsmål om dei unges medievanar. Det sa eg ja til, og resultatet ser du her. Eg føler meg framstilt som ein litt tafatt nerdestudent som søler vekk sjukt masse tid på Internett, noko som er eit heilt korrekt bilete av meg.
Aldri ein post utan volleyball. Me hadde spelefri i helga, det hadde derimot ikkje Førde, som i motsetning til oss kvalifiserte seg til sluttspelet i Nordic League, som gjekk av stabelen i helga. Førde viste at cupsigeren ikkje var nokon tilfeldighet, og stakk like greitt av med tittelen som nordisk meister. Gratulerer til Førde, det er ein kjempeprestasjon som rundar av ein flott januarmånad som inneheldt cupsiger, to seriesigrar og NCC-siger. 2011 har så langt vore eit blått år.
Så får me sjå om me klarer å halde avstanden ned til Førde i serien. I helga kjem Oslo Volley på besøk. Eg har tidligare skreve at kampen muligeins skulle bli livestreama, i denne posten har eg noko meir konkret å komme med. Det ser nemlig ut at heile kampen blir vist gjennom Ustream her. Ustream er ei side der ein enkelt kan lage ein brukarprofil og setje opp ein livestream. Om de føler for det, spre gjerne linken slik at andre interesserte kan få dette med seg. Me tar sikte på å få dette til på flest mogleg kampar, så den første gongen er spennande i forhold til å sjå om dette er noko som fungerer.
I ventetida på ein ny og meiningsfull post, kan du no faktisk Like meg på Facebook ved å trykke på Like i boksen til høgre på sida. Eg har heile 12 fans! Eg har forøvrig ikkje laga sida mi sjølv. Dei som eigentleg ikkje er fan av meg og ikkje vil like meg, men har Spotify, kan kose seg med denne songen og denne spelelista. Eg veit at ingen kjem til å høyre verken det eine eller det andre, men det er min blogg, så det drit eg vel i.








Dreama
Jul 24, 2011 @ 22:30:26
Good points all around. Truly appecritaed.