Bussturen frå helvete
28 Mar 2011
Det var ein ettermiddag førre veke at eg hadde historias mest traumatiserande bussoppleving. Eg åtvarar mot tildels sterke scener i denne forteljinga.
Dagen var onsdag. Eg hadde vore på skulen, der eg nettopp hadde levert inn ei heller forjævlig obligatorisk oppgåve. Eg tusla meg nedover mot busstoppet ved industrihuset på Møhlenpris, og gleda meg til å komme heim og slappe av litt. Etter ei stunds venting på stoppet kikka eg på ruta, som tilsa at 6′aren måtte nettopp ha gått før eg kom, og at 5′aren var forsinka. Etter enda ei stund innsåg eg at den ikkje var forsinka, men jævlig forsinka. Både humøret og kroppstemperaturen sank betraktelig, bortsett frå i hovudet, der det så smått begynte å koke. Når bussen endelig kom sneglande ut frå Sydnestunellen, gjorde det eigentleg ikkje saken betre.
Bussen var nemlig fylt opp til randen. Og ikkje berre var den fylt til randen, den var fylt opp av barnevogner, barnehageungar og pensjonistar på krykker. Eg har alltid sett på desse tre gruppene som dei aller verste å støte på på ein buss. Fordi dei er a) irriterande b) treige c) tar for mykje plass og d) krever å bli spesialbehandla. Når ein heil buss er fylt til randen av desse gruppene, var det faktisk så kritisk at eg gjerne kunne kasta meg av bussen i fart.
Men med farten bussen hadde mesteparten av vegen, kunne eg ha stjelt krykkene til ein av pensjonistane, hoppa av bussen i fart og gått på heim på krykkene fortare enn bussen køyrde. Eg fekk såvidt trykt meg inn på bussen, allereie mørkegrøn av irritasjon. Og det skulle ikkje bli betre.
Det viste seg nemlig at dei ikkje mindre enn fire barnevognene skulle av i ei ytterst uheldig rekkefølgje. Den som skulle av først, var sjølvsagt den som sto slik til at to av dei andre vognene måtte GÅ UT for å sleppe den forbi, og deretter snegle seg innpå igjen. Dette gjentok seg på eit seinare stopp, og tok evigheter. Og innimellom dette, skulle ein heil haug med pensjonistar halte seg av bussen. Når den eine begynte å starte ein lengre samtale med sjåføren før ho skulle av, kokte det over for meg. Eg sprang fram i bussen, tok livtak rundt ho og kasta ho i ein murvegg rett ved fortauet. Det var omtrent på dette tidspunktet at dei energisk skrålande barnehage- og barnevognsungane vekte meg frå dagdraumen.
Heldigvis kom bussen seg omsider til mitt stopp, og eg måtte rett og slette ta ti lange drag av Søndre Skogvei- lufta når eg var gått av, og på vegen heim reflekterte eg over det som utan tvil var mitt livs verste busstur.








ola svenskmann
Apr 14, 2011 @ 15:20:23
kan eg få en klem og litt kaffe med melk i