Filmavkrysningsnettstaden

Ganske mange menneske lar det gå sport i kor mange filmar dei ser. Men kor mange filmar har du egentlig sett? Nøkkelen til svaret på dette får du ved å klikke på “MEIR”.

Det er heilt sikkert haugevis av folk som les dette som allereie har oppdaga denne fine tenesta, og dissar meg fordi eg trur eg er så sjukt kul at eg var så sjukt god på Internett at eg fant den, men eg syns det er greitt å dele den med dei som ikkje har funne den, og som aldri hadde funne på å disse meg fordi eg trur eg er så sjukt kul at eg var så sjukt god på Internett at eg fant den.

Det har seg nemlig slik at dersom du går inn på ICheckMovies.com og gjennom eit par særs enkle steg opprettar ein brukarprofil, så kan du enkelt finne dei filmane du har sett og krysse dei av, slik at dei legg seg i ei liste. Slik kan du halde på i evighetar, heilt til du har funne alle du har sett. Og så kan du sjå drøssevis med filmar og krysse dei av også. Når du har sett perverst mykje filmar kan du skryte over lista di til alle vennene dine, som sannsynlegvis vil bli ei god blanding av imponert og skremt over kor mange filmar du har sett.

Eventuelt kan du gjere som meg, krysse av nokre filmar, legge til nokre venner og sjå på deira lister. Det er litt kjekt, litt morosamt og du kan endelig finne svaret på kor mange filmar du har sett. Legg meg til då vel!

2 kommentarar

2 kommentarar

  1. Oleeejan
    Mar 07, 2011 @ 23:27:18

    Den er najs! eg ska så sykt legge deg til;)

  2. Oleeejan
    Mar 07, 2011 @ 23:28:15

    Btw så vet eg at du har mad skills på internett og syns d er kult at du deler d me sånne amatører som meg:p

Legg att ein kommentar