Fullt tapèt
04 Mar 2011
Tida går rimeleg fort no om dagen, og det er ikkje så lett å skrive blogg når all tida går med til ting som ikkje passar/er vits i å skrive. Likevel skal eg prøve å skvise ut nokre ord om det som skjer.
Det kanskje mest vesentlige som har skjedd, er at me i Nyborg har vunne eliteserien. Det heile vart avgjort på laurdag, då eit redusert Førdelag tapte 0-3 for formsterke Koll. Det gjorde kampen vår mot Førde på søndag litt mindre spennande i utgangspunktet, og det såg ut som om det skulle bli greitt når me vann første settet 25-12. Førde heva seg imidlertid stort og me senka oss litt. Førde nytte spesielt godt av ein Geir Eithun i særdeles godt slag, han må ha sanka nærmare 70 poeng denne dagen. Mon tru om det eksepsjonelt gode spelet kom av at han for anledningen var ikledd #10 TVINDE. I alle høve klarte me til slutt, godt hjulpe av mitt fantastiske angrepspoeng, å stoppe dei blåkledde Firda-abonnentane og berge i land sigeren med 15-13 i femte sett, takk og pris for det. Etter kampen mottok me medaljane og alle var glade.
Dobbel lykke vart det for øvrig for meg og Ørjan, som før kampen mottok ein reint storleiksmessig særs stor sjekk på 5000 kroner. Denne fekk me for bra gym og bra dugnadsånd. I biletet under er det verdt å merke seg korleis eg har sneke serievinnarmedaljen min inn på biletet. Smud! Me fekk også ei rose i belønning for innsatsen. Det er hyggelig at klubben vil rose oss. Må berre sei at eg er utruleg nøgd med den vitsen. Rosa vart raskt sett i favorittvasen, ei Absolut Vodka-flaske, men døydde nyleg av naturlege årsaker.
No gjenstår eit par seriekampar, der me har prestasjonen det er å gå ubesigra gjennom ein heil sesong som motivasjon. Deretter ventar Grand Prix, der det er viktig for oss å vere betre enn Førde, slik at me også kan vere nøgd med det me har prestert i år. Eg satsar på at me blir utsett for store skadeproblem, slik at eg kan få kantplassen eg er født til å regjere på.
Det er likevel ikkje berre på volleyballbana det har vore mykje aktivitet i det siste. Eg har plutselig måtta ofre det å ikkje ha eit liv heime i senga mi til fordel for å ikkje ha eit liv på rom 205 og 215 på U.Pihl. Her har eg saman med ikkje berre ein, men TO stilige karar, jobba med ei oppgåve i Interaksjonsdesign. Me lagde ein prototype på ein mobilapplikasjon som fungerer som planleggjar for studentar på UiB. Eg fekk trumfa gjennom det strøkne prosjektnamnet Smudplanner. Resultatet kan de sjå her. Medan me er inne på temaet skule, er det også verdt å nemne at UiB har vore så utruleg kule at dei har planlagt ein tur til London for Nye Medier- studentar, med reise og opphald inkludert. Her skal me besøke nokon bedrifter og vere litt seriøse, og så skal me få lov å gjere det me vil. Her er det naudsynt med ståande trampeknips til ære for UiB.
Ellers av nyhende har eg oppdatert Ultimate Awesome-spelelista mi på Spotify, dersom også du høyrer på musikk som ingen andre likar bør du sjekke ut den. No når eg først skriv post skulle eg ha skreve noko meir som er interessant og morosamt, men det klarar eg ikkje. Kanskje om ein månads tid.










Vibeke
Mar 05, 2011 @ 17:48:06
Subscribe!
Yngve
Mar 11, 2011 @ 00:00:36
Subscriba du? Najs!