Nye musikalske impulsar

Eg er framleis glad i å høyre på musikk. Det er ein del musikk som eg kan høyre på om og om og om og om og om igjen, men av og til er det greitt å oppdage litt nye ting, slik at eg kan høyre på det i staden. I dag har eg gjort nettopp det.

Det å sjå på House M.D er ikkje berre stor underhaldning, men også svært nyttig. Eg skal ikkje skryte på meg dei store medisinske kunnskapane, sjølv etter å ha sett nærmare sju sesongar av serien, men den er nyttig på ein heilt anna måte. I den serien spelast det med jamne mellomrom særs god musikk. I episode 14 skjedde nettopp dette. I ein heller emosjonell scene der ein pasient på dramatisk vis i slow-motion tok kvelden, vart det spelt av ein låt som var ganske flott. Den heitte Everything Trying, og vart spelt av Damien Jurado.

Damien Jurado er ein amerikansk singer/songwriter som det slett ikkje vil vere feil å samanlikne med den tidlegare omtalte helten min, Mark Kozelek. Også Jurado skriv og spelar deilige, ektefølte låtar som ofte ikkje er akkompagnert av anna enn gitaren. Jurado har også vore rimeleg produktiv, og har gitt ut ein heil drøss med stuff, stort sett ein utgivelse i året, fordelt på album, EP’ar og anna snacks. Dessverre har han gitt ut mange av platene for eit plateselskap som førebels ikkje har lagt greiene sine ut på Spotify, så spelelista eg har laga inneheld nok førebels ikkje halvparten av det beste han har spelt inn. Det er likevel verd å høyre på.

Også Damien Jurado kan å sitje på ein stol og spele gitar i svart/kvitt.


Når eg først finn ein ny artist, ballar det som regel litt på seg i forhold til å finne liknande artistar. Denne gongen var ikkje noko unntak. Jurado har nemlig ein venn som heiter David Bazan som også er langt over gjennomsnittleg flink til å lage musikk. Han har gjennom gruppa si Pedro the Lion samt på eiga hand laga mykje musikk som verkar å vere veldig bra. Garantert verdt å sjekke ut!

Sidan eg hadde ein dag som for det meste blei brukt på Spotify, bestemte eg meg for å gjere noko eg lenge har utsett; nemlig å oppdatere Emo Shizzle-spelelista mi. Eg sletta like greitt alle songane som var på den, omdøypte den til Melankoli (som igrunnen berre er eit fint ord for Emogreier), og la til ein haug med songar. Her finst det songar nok til heile fire deprimerte timar. Om å vere deprimert medan du høyrer på den ikkje fristar, går det også an å berre bruke den til bakgrunnsmusikk medan du driv på med ting som kanskje krever litt konsentrasjon. Songane på denne lista krever nemlig ikkje så mykje av deg. Den nye, freshe lista kan du finne her.