Sesongen
28 Mar 2011
Eliteserien vart avslutta førre helg, og denne helga var det Grand Prix i Steinkjer. Grand Prix avslutta det som stort sett har vore ein god og innhaldsrik sesong. I denne posten oppsummerer eg den.
Sesongen starta med landlagssamling i Steinkjer i august. Tidlig i september reiste eg vidare til Serbia for å trene og spele litt der. Dette var framleis med landslaget. I september reiste me i Nyborg, supplert av ein stykk kjekk nordmøring og ein stykk hatlis til Italia for å trene og spele kampar mot lag frå nest øverste divisjon i Italia. Det var ganske inspirerande, me tok blant anna 23 poeng i to sett mot laget som to kampar før slutt ligg an til opprykk til A1 i Italia. Og det utan fleire spelarar som er i startoppstillinga. Gøy!
Vel heime frå Italia venta litt meir kjent motstand då serien begynte i oktober. Tre strake sigrar ga oss sjølvtillit før det me trudde kom til å bli sesongens høgdepunkt venta allereie midt i månaden; to heimekampar på samme helg mot sveitsiske SEAT Näfels i første runde Challenge Cup. 9 sett seinare kunne me mot alle odds juble for avansement til 2.runde, ein god og minneverdig prestasjon av oss. I starten av november spelte me innleiande runde i Nordic League. Etter å ha hatt stålkontroll i 2 og 3/4 sett mot Middelfart, tilta me og tapte 3-2, og 3-1-siger i andre kamp mot Falkenberg kunne ikkje hindre at me rauk ut av turneringa. Veldig ergerlig, og ein av våre få virkelig svake prestasjonar denne sesongen. Til gjengjeld hadde me full kontroll på kampane i serie og cup denne månaden, med greie 3-0-sigrar over Førde og Tromsø i serien, samt 3-1 mot Koll i kvartfinalen i cupen.
I november kom også sesongens store høgdepunkt, 2.runde i Challenge Cup, mot belgiske Prefaxis Menen. Bortekampen, der me stilte uten Ørjan som var ute med skade blei ein tøff affære der me tapte 0-3, men samtidig holdt bra følge. Håpet var derfor stort før heimekampen, og 505 tilskodarar i Haukelandshallen fekk sjå det som muligens er den beste volleyballen eit norsk volleyballag har prestert på svært lenge, då utan å ha tatt Førdes glimrande innsats i Nordic League nærmare i augesyn. Kampen blei ein maratonkamp på to og ein halv time der me tilslutt vann kampen 3-2, men tapte 13-15, minst mulig margin, i Golden Set. Denne kampen står igjen som sesongens soleklart største opplevelse. Det høyrer med til historien at laget som slo oss ut avanserte heilt til kvartfinalen, der dei vart utslått med samme margin som dei slo oss med. Ein inspirerande opplevelse, og utan tvil det største eg har vore med på som volleyballspelar. Eg har for øvrig lagt ut Europacupkampane og fleire andre kampar på YouTube og Vimeo.
Me haldt fram med gode kampar i desember, der Randaberg, Tromsø og Oslo Volley blei slått i tur og orden. I tillegg kvalifiserte me oss til cupfinale. Det bitre sluttresultatet huskar vel dei fleste. Veka etter finalen haldt me på å notere vårt første tap for sesongen mot eit godt Koll-lag, men me berga oss i tie-break. Etter dette kom ting litt meir på plass att, og me sørga i løpet av februar og mars for å gå ubesigra gjennom sesongen, for første gong sidan nettopp Nyborg gjorde det samme i 2000.
Som avslutning på sesongen var me i helga i Steinkjer og spelte Grand Prix. 4 lag var med, og dermed blei det semifinale og deretter finale/bronsefinale. I semifinalen spelte me mot Kristiansund. Dei stilte med det dei hadde av spelarar. Grunna sjukdom måtte me unnvære Ole Martin, som satt med beina i kryss på benken i staden. Takvam stilte sterkt som dia, og einhåndsblokka blant anna inn matchballen, om eg ikkje hugsar feil. Det blei ein sterk 3-0 siger og finale mot Koll, som nedkjempa eit særs ungt og urutinert Førdelag med 3-2.
På kvelden var det bankett. Underhaldninga og maten var middels, men prisutdelingane som forbundet foretok var morosame. Dei hadde gleden av å kåre Kåre (hø hø) til årets spelar, Ivar årets trenar, og eg, Kåre, Ørjan og Andrè kom på eit all-starlag. Ein hyggeleg overraskelse som me alle sette stor pris på, sjølv om det medførte at ein som vanleg ettertrykkeleg underdressed Sundfjord måtte på scenen med småskitne sneakers.
Søndagen var det duka for finale mot Koll. Me hadde god kontroll dei to første setta, men i tredje sett måtte me opp på trettitalet for å sikra sigeren med 31-29. Ørjan slo inn matchballen og me kunne juble for historiens første Grand Prix- tittel samt 40.000 klingande kroner i klubbkassen. Digg. Ellers var helga fylt av frukostar, “that’s what she said” og BB. Ei strålande helg.
Det har med andre ord vore mykje spennande som har skjedd denne sesongen. Me har over tid vist at me er det mest stabilt gode laget, medan Førde har vist at dei matchar oss og vel så det når mannskapet er fulltallig. Så får me sjå kva både me og dei andre laga diskar opp med til neste år. Det neste som skjer er ein liten kvileperiode før ting byrjar å skje på landslaget. I perioden 13-22 mai skal landslaget trene og spele kampar mot Storbritannia. Det blir spennande å sjå om eg kan gjere noko bra der også.










Oleeejan
Mar 28, 2011 @ 01:21:14
BBBBBBBBB.. kjekt at du nevner navnet mitt:) d varmer i hjerteroten!