15 eksempel på uheldig logodesign

Det er lenge sidan det har blitt posta ei liste her på sida. No er det på tide, og denne gongen er det 15 meget uheldige logodesign som blir lista opp. Mange har nok sett mange av desse logoane før, men det er verdt å introdusere dei for så mange som mulig. Desse logoane er rett og slett kremeksempel på korleis ein logo kan ødelegge ryktet og namnet til ein merkevare/bedrift.

Skaparen av denne logoen til Arlington Pediatric Center, eit helsesenter for barn, forsøkte nok berre å skape god stemning ved å få det til å sjå ut som ein vaksen som tar seg av eit barn. Resultatet gjer nok heller inntrykk av at det er eit barn som “tar seg av” ein vaksen.

Aldri stol på ein prest. Denne logoen til Catholic Church’s Archdiocesan Youth Commission blei utvikla på tidleg 70- tal, og vann til og med ein pris for godt logodesign. Denne logoen viser korleis tidene har forandra seg, for i dag er den rett og slett heilt utruleg feil.

Kudawara Pharmacy sin eksepsjonelle logo får ein verkeleg til å undre kva slags tenester som vert utførte innanfor dørene.

Kidsexchange har vore nemnt før i posten om uheldige nettadresser, men logoen er jammen ikkje mykje betre. Det skulle vere mulig å oppdage feilen no etter kvart.

Megaflicks har forsåvidt ein enkel og grei logo. Men med eit heilt kritisk feil fontval ser det ut som om det er heilt andre ting du kan kjøpe inne i butikken.

Arrangøren av desse Junior Jazz Dance- kursa har eigentleg skapt ein heilt normal og fin logo med to strekfigurar som dansar. Dessverre skapar logoen også ein relativt komisk og artig optisk illusjon, som får det heile til å virke som ein vaksenunderhaldningsklubb.

Instituto de Estudos Orientais forsøkte berre å lage ei raud sol som står bak ein gul bygning, men dei to strekane som skal markere taket på bygningen gjer logoen eit heilt nytt bilde som er rimelig feil.

Skaparen bak logoen til Office of Government Commerce ante fred og ingen fare då han sette dei tre forbokstavane i firmanamnet saman med ein fin og estetisk font. Denne logoen er flott, heilt til du snur den 90 grader med klokka. Ouch.

Clinica Dental sin logo viser forsåvidt berre ein tannlege som behandlar ein pasient. Men stillinga behandlinga blir gitt i foreslår at det er mykje meir enn tannlegebehandling som blir utført på pasienten.

Logoen til The Computer Doctors hadde vore fin den, om ikkje U’en hadde sett så jævlig ut som ein… som nettopp har… ja. Sjå logoen og døm sjølv.

A-Style har virkelig “turned on the style” med denne classy og veldig lett feiltolkbare logoen. Definitivt ein A i uheldig logodesign.

Det er jo ikkje logodesignarane sin feil at ein parabol ser ut som den gjer, men her er det kanskje rom for endringar. Det er iallfall ikkje rart at parabolen ser så nøgd ut som den gjer.

Forbrytaren som har stått bak Atherton Car Centre sin logo har jammen klart å marknadsføre firmaet. Men med denne uheldige initialplasseringa har firmaet kanskje ikkje blitt marknadsført heilt slik dei håpa.

Uvisst kva dette er logo for, men det er iallfall rett og slett umulig å ikkje få homoerotiske bilder i hovudet av denne.
Den siste logoen er kinesisk, og det er uvisst kva den er logo for. Ein ting er sikkert, og det er at den ikkje burde eksistere.