Kva er vel ein påske utan ei haarschneidemaschine?
20 Apr 2011
Eg innser at det vert vanskelig å følgje opp førre innlegg. Over 40 personar har vore inne og “lika” det. Eg gjer likevel eit forsøk, ved å fortelje om starten på påskeferien min.
Først og fremst er det viktig å få med at eg har reist heim til gamletraktene. Det er godt å vere tilbake, eg har ikkje vore heime sidan jul.
I dag har eg vore hos søstra mi og hjulpe ho med å flytte ein del ubrukelige greier på loftet, samt kaste ein del. I ei skuffe i ein gammal kommode som mormor og morfar eigde (søstra mi bur i deira gamle hus), fann eg ein gjenstand som eg syns var over gjennomsnittet stilig. Eg fann nemlig ei “Haarschneidemaschine” anno 1792. Denne brukte mormor til å klippe håret til morfar. Eg skal aldri la nokon klippe meg med noko som ser ut som eit torturredskap.
Eg prøvde å klippe av meg litt armhår, men det ga særdeles lite utslag. Mulig at den er blitt litt sløv med åra. Likevel så syns eg at haarschneidemaschina er ein kul gjenstand med eit badass namn.
Høgdepunktet for dagen var likevel ikkje haarschneidemaschina (merk dykk at eg forsøker å få skreve ordet haarschneidemaschine flest mulig gongar, det er nesten umulig å la vere å skrive haarschneidemaschine når haarschneidemaschine er eit så tøft ord). Høgdepunktet var nemlig det som skjedde når me samla det som skulle kastast og lagt det i skykkja (gidd ikkje forklare). Blant tinga som skulle kastast låg nemlig ein forelda og jævlig Hewlett Packard Shitbook. Gamle PC’ar har ikkje spesielt stor affeksjonsverdi i mine auge. Eg bestemte meg derfor for å hogge den i stykker med øksa som sto like ved. Det var ikkje det at eg trengte å hogge den i stykker med øksa som sto like ved, men eg tenkte at det er jammen ikkje feil heller. Og så hogde eg den i stykker med øksa som sto like ved. Det var deilig.
Eg hugsar framleis godt når søstra mi fekk PC’en til jul av bestefar og bestemor, og kor glad søstra mi vart då. Derfor følte eg meg skikkelig bra etterpå, når eg hadde kjørt ei øks gjennom den tre gonger. Eg antar at bestefar hadde vridd seg i grava dersom han hadde sett skjendinga av julegåva hans. Men eg har aldri sett problemet med det å vri seg i ei grav når ein er død likevel, så det får vere. Glad i deg bestefar!
Ellers har det eigentleg skjedd lite heime, overraskande nok. Ein liten stilig sak har eg derimot oppdaga. Eg posta for ikkje lenge sidan eit innlegg om VM-videoen eg laga. Det viser seg no at denne videoen har spredd seg såpass at sjølvaste Murilo Endres, MVP i VM og antagelig verdas beste spelar for tida, har sett den og anbefalt den til sine 14,000 followers på Twitter. Stilig!
Ved hjelp av litt kjapp oversetting fann eg ut at han i denne tweeten skriv noko slikt som “nice video, good night”, og deretter har han retweeta ein tweet som inneheld link til videoen min. Eg anser Murilo no som ein av dei beste vennane mine, saman med blant anna hans brasilianske kollega Dante Amaral, som eg jo har fått eit godt forhold til etter det legendariske intervjuet. Meir er det eigentleg ikkje, god påske!








Tore H
Apr 20, 2011 @ 13:50:44
Konge at Murilo har sett videoen din då, da begynner man å snakke eksklusiv fanskare!
Pus
Apr 22, 2011 @ 02:24:16
Fliiiink