VM-video
04 Apr 2011
På fritida likar eg å halde på med litt videoredigering. I og med at volleyball er ei stor interesse for meg ut over det eg spelar sjølv, er det naturleg å kombinere desse to interessene. Slikt blir det volleyballvideo av.
Dei siste månadane har eg skamlaust brukt stilige metodar for å få tak i diverse kampar frå VM i Italia 2010. Etter å ha lasta ned ein heil haug, gjekk eg gjennom alle og fant fram ein del bra highlights og augeblikk. Eg valgte klipp utfrå den estetiske kvaliteten på bildene framfor at sjølve handlinga var bra. Eg fann ein song eg ville bruke og klipte saman desse høgdepunkta etter den. Eg har allereie posta sluttresultatet på Facebook, men for dei som ikkje fekk den med seg eller av ein eller annan grunn ikkje har meg som venn der, så kan den sjåast nedanfor.






Kva er vel ein påske utan ei haarscneidemaschine?
Apr 20, 2011 @ 00:47:29
[...] overraskande nok. Ein liten stilig sak har eg derimot oppdaga. Eg posta for ikkje lenge sidan eit innlegg om VM-videoen eg laga. Det viser seg no at denne videoen har spredd seg såpass at sjølvaste Murilo Endres, MVP i VM og [...]