London, spedbarn!

Som vanleg har det blitt ei stund sia sist det var aktivitet her. Det skuldast for det meste at eg ikkje har gjort mykje, men mest latskap. Men no har det jammen meg skjedd noko i livet mitt. Eg har nemlig vore på skuletur til London.

Å reise til London er nok ikkje noko alle anser som interessant. Men det er nok det beste eg har å blogge om.

Hello, dobbel dobbeltseng.

Det starta iallfall med avreise grytidlig laurdag den sjuande. Ei flyreise og ein heil del toging og bagasjebæring seinare sjekka me inn på hotell Marriott ved Regent’s Park, eit særs feiande og særs flott hotell. To dobbeltsenger på tomannsrom, heilt i orden for meg.

Når me fekk sjekka inn på hotellet, blei det faktisk shopping på Sundfjord i opptil fleire timar i strekk. Særs uvanleg, eg kjente faktisk gangsperren dagen etterpå. På kvelden prøvde me å gå ut, men det må karakteriserast som eit mislykka forsøk. Ikkje eingong nattmaten på McDonald’s var vellukka, då spanjolen som satt i nærleiken bestemte seg for å spy horisontalt.

Søndagen brukte eg til å vere turist. Først vart det tur til Wembley. Planen var å få guida tur der, men på grunn av den uhyre prestisjefylte kampen mellom Coalville Town og Whitley Baye, som var finalen i ei turnering for lag i niande divisjon og nedover i engelsk fotball, var det stengt for omvisning. Likevel stilig å sjå bygningen.

Wembley. 7,5 millardar vel anvendte kroner.


Etter dette bar det ned til byn, der me glodde på Big Ben og London Eye og alt det andre turistgreiene. På kvelden prøvde me oss på å gå ut igjen, med litt meir suksess. Ein stilig kveld på baren Soulvolution i Camden.

Turistgreier. Har eigentleg sett det på bilete før.


På måndag starta alvoret. Me besøkte City of Westminster University, som forøvrig ikkje låg i nærleiken av Westminster. Der hadde dei sjukt masse deilig utstyr og programvare. Eg skulle ønske me kunne ha slike forutsetningar på vår skule også. Etter besøket reiste meg og mine sambuar på turen, Marius, til sørlege deler av London for å sjå om det fanst ledige billettar til Fulhams heimekamp mot Liverpool. Uheldigvis var det fullt sidan det var Liverpool som gjesta Craven Cottage denne kvelden.

Fotballstadion. Likna meir på ein fabrikk.


Når me kom bort til stadion havna me tilfeldigvis akkurat der spelarinngongen var. Derfor fekk eg eit deilig snapshot av Brede Hangeland.

Brede Hangeland up close.


Me såg også når Liverpool- bussen rulla fram, men då var det for folksomt for å få glimt (eller skuddläge, som det heiter) til Liverpool-spelarane. Me t-bana oss til sentrum for litt shopping og deretter råtna eg i hotellsenga resten av kvelden.

Tysdag. Me besøkte utviklingsavdelinga til BBC og avisa The Guardian. Svært stilig. Etterpå gjennomførte eg det siste av shopping. Eg erindrar at eg begynte å bli klar for å reisa heim denne kvelden, ettersom eg ikkje lenger hadde raad til å bli verande. Det hindra meg ikkje i å ete eit betre måltid på Garfunkel restaurant. Fortent, ettersom det stort sett blei Subway og anna hurtigmat på turen.

Onsdag pakka me greiene våre. Me hadde eit lengre møte der me diskuterte studiet vårt, om det er bra og kva som kunne bli betre. Nyttig! Det var kanskje greit å gjere dette, ettersom UiB brukte 200 000 på å sende oss til London for å gjere akkurat dette. Etter møtet stakk me til eit universitet for å sjå på nokon stilige teknologiar som er ganske relevante for studiet. Deretter gjekk me på ein brun pub for det som kan kallast “the last meal” (les: det siste måltidet der me åt dritbillig kvalitetsjunkfood og drakk øl). Dette bestod av god burger og god pils til drøye femtilappen. Heilt ok, og saman med undergrunnen det einaste eg saknar frå London.

Eit t-banestopp talte til meg. Undergrunnen <3


Etter å ha henta bagasjen og stressa litt, (eg hadde gløymt mobilladaren min på rommet, og hotellfolka brukte eit kvarter på å ta den frå rommet mitt i andre etasje og ned til resepsjonen) så fekk me tilslutt toga og flydd heimatt. Var lettare irritert på at ikkje trådlausen på flyet virka, hugsar eg. Merkelig korleis ein kan bli dritforbanna på at ein teknologi som man for ti minutt sidan ikkje visste eksisterte ikkje fungerer.

Det nesten beste med turar vekk er å komme heim. Denne turen var ikkje eit unntak. Heim, kjære heim. Og Raad, kjære Raad.

Nedanfor følgjer eit utvalg morosame bilete tatt i London. Eg var i grunnen mest opptatt av å fotografere morosame ting.

Sint & Co. Trur ikkje dei arrangerer Anger Management-kurs.

Når mamma ikkje laga mat, anbefala Fri-Chicks å gå på Fri-Chicks.

Ikkje akkurat tidenes band, dette her. Ein måtte faktisk ha hoggtenner for å komme inn på konsertstaden.

Det var London. I skrivande stund er eg i Oslo på landslagssamling. Eg har altså “feira” den syttande i ein by eg ikkje har veldig mykje til overs for. Denne “feiringa”, referat frå samlinga og ikkje minst referat frå kampane me skal spele mot Storbritannia kjem nok i etterkant av samlinga. Samlinga er ferdig 22.mai, det vil nok sei at innlegget er ute ein gong i juli.

Ingen kommentarar

Legg att ein kommentar