Historia om Andreas og Runar

Sotragutane Runar Sannarnes og Andreas Takvam tok eit smått fantastisk sølv i U19-VM i sandkassevolleyball no i helga. Mange kjenner ikkje til bakgrunnen desse to beskjedne gutane, men fortvil ikkje, eg skal nemlig gje ei kort innføring.

Runar Torsvik Sannarnes vart fødd 7.april 1994 som son av Jan Gaute Sannarnes og Ingebjørg Torsvik Sannarnes. Som son av ein av verdas mest rutinerte volleyballspelarar blei han fort sett i posisjon 6 på banen og blei lært opp til å ta 3/4 av bana i mottak og dytte vekk andre som ville ta imot. Allereie som toåring tok Runar sitt første perfekte hoppservemottak. I ein alder av fire år blei Runar lei av å ta imot, han ville legge opp som volleyballspelar. Altså, han ville spele oppleggjar, ikkje legge opp. Dette er ein kunst han praktiserer den dag i dag. Runar sin spesialitet er telepati, iallfall så bør det vere det, ettersom han aldri seier noko når han spelar volleyball. Runar er spådd ei lysande framtid som spelar, og på spørsmål om kor langt han trur han kan nå, så får me som på alle andre spørsmål ikkje noko svar. Nedanfor ser me Runar og hans breie glis.

Runar på sitt aller blidaste.

Andreas Takvam er “fødd” 4.juni 1993. Han er son av Øivind og Kornelia Takvam. Det som er spesielt med Andreas, er at han ikkje vart fødd på sjukehus slik som oss andre. Andreas blei nemlig dyrka fram i eit laboratorium på Sotra. Dette er den einaste plausible forklaringa på at han er 202cm høg, har verdas lengste menneskearmar og høyrer på gangsta-musikk. Det seiast at blant ingrediensane ein brukte for å dyrke fram Andreas, var ein dråpe kviterussar og ein dråpe av 2Pac. Når Andreas var fødd, det vil seie når han var ferdig inkubert, arbeidde han hardt for å få koordinasjon gjennom mange seriehelgar med Sotra sitt juniorlag saman med mellom anna Runar. Dette var vanskeleg, ettersom miksturen som vart brukt til å lage Andreas hadde ein svakhet. Han vart fødd med ein uhelbredelig slapp holdning. Men trass i denne slitsomme eigenskapen har han kjempa seg fram til å bli verdas beste sandvolleyballspelar under 19 år. Det er ingen tvil om at denne guten har ei lysande og slapp framtid føre seg.

Andreas har her stramma seg opp litt og er også utan hette eller lue.

På bildet nedanfor så ser me dei to gutane, og spesielt (som vanleg) Runar, i ekstase under premieutdelinga.

Gutane i ekstase etter utdelinga av sølvmedaljen