Sommarferie, den travlaste tida på året
29 Jun 2011
No er det lenge sidan eg har skreve noko om det alle sjølvsagt vil lese om, nemlig meg. Då er det kanskje på tide.
Eg lova i førre innlegg å oppsummere landslagssamlinga. Sidan eg har gløymt det meste som skjedde der, gjer eg det kort. Me kom, me trente, me spelte. Eg hugsar at eg hadde vondt og var sliten etter fire strake tap mot Storbritannia, det siste eit 2-3-tap som ga håp for framtida. Eg syns det var stas å få offisielle landskampar, og håpar på å få fleire. Det lar seg nok gjere, då det ser ut som at eg får lov å vere med å spele når Noreg reiser til Kina for å spele Universiade i august.
Etter samlinga var det fokus på skule i drøyt halvanna veke. Her tok eg nokre eksamenar og hadde ein presentasjon. Eg tok eitt fag opp igjen, som det gjekk enda meir til helvete i enn første gong eg tok det, medan det gjekk bra i dei to andre faga. Eg var ferdig på skulen 31.mai, og kunne rette fokuset mitt på den fantastiske jobben eg har, som pengeinnkrevjar hos Kreditorforeningen Vest. Desverre er det telefon og ikkje balltre som er framgongsmåten for å få krevd inn desse pengane.
I denne perioden har eg stort sett jobba og hatt kvalitetstid med min udiskutabelt betre halvdel, eller gjort fint lite av verdi når nevnte betre halvdel var utilgjengelig for kvalitetstid. Den 19- til 21.juni hadde eg derimot kvalitetstid med landslagstroppen, som kom på besøk til Bergen for å trene. Dette gjorde vondt, men samtidig godt, ettersom Universiaden nærmar seg med stormskritt.
Det var det det har gått i sidan mai. No skal eg halde fram med å jobbe fram til 8.juli, då blir det ekte sommarferie og skikkelig meinings- og innhaldslause ferieinnlegg straight outta Ølve City.









Y.R
Jun 29, 2011 @ 01:16:23
Blir kvadruppel av sånt!
Rayonna
Jul 25, 2011 @ 17:24:42
Didn’t know the forum rules allowed such blrilinat posts.