Ny volleyballfilm

Som nokon kanskje har fått med seg etterkvart, er eg relativt glad i å bruke eit ekstremt stort antal timar på å setje saman volleyballfilmar. No har eg gjort det igjen, denne gong frå World League- turneringa i Gdansk i Polen.

Sendinga blei produsert av den polske tv-kanalen PolSat, og eg må sei at dei har virkelig gjort ein heilt eineståande jobb. Spesielt introduksjonen av ultra slowmotion- kamera har fått siklet til å hengje laust utallige gongar når eg scouta etter gode klipp å ta med i filmen. Filmen er i grunnen ein einaste lang kavalkade av fantastiske super slowmo-klipp. Litt usikker på kor mange timar eg har lagt ned i filmen, men medrekna høgdepunktleiting, redigering og eksportering reknar eg med eit tal på nærmare 75 timar. Eg anser filmen som den beste eg har laga hittil og satsar på at den fell i smak hos andre og.