Kreative kinesarar

Turen til Kina var ein stor opplevelse. Me har spelt kampar som har blitt vist på TV, vunne mot vertsnasjonen som har ein milliard innbyggjarar og sikra oss ein plass blant dei 13 beste laga i innandørsvolleyball på universitetsnivå. Dette er veldig, veldig bra. Likevel var kanskje det aller mest morosame og det absolutte høgdepunkt besøket vårt i ei handlegate i Kina.

Kinesarar er ikkje spesielt ufortent kjent for å vere litt småfrekke når det kjem til å lage kopiar på kjende merkevarer og produkt. Eg visste likevel ikkje at det skulle vere so inn i satans gale som det me opplevde i litt småskittent smug i downtown Shenzhen. Her selte ein mobiltelefonar. Dei såg først ut som vanlege mobiltelefonar, men når me tok dei nærmare i augesyn fann me ut at dei var kanskje ikkje heilt som vanlege mobiltelefonar likevel. Minimale namneendringar var gjort, noko som for oss var såpass morosamt at det førte dei fleste av dei norske gutta ned i kneståande av latter. Nedanfor følgjer ei lita liste med kreative namneendringar på kjente mobilprodusentar.

  • HTC – CHT
  • Sony Ericsson – Suny Ericsson
  • LG – LC
  • Google – Googol OG Goggol, to ulike namn rett ved sida av kvarandre
  • Philips – Fhilips
  • Nokia – NCKIA (Her kamuflerte dei C’en ved hjelp av utydeleg font) OG Nokoia

Og sist, men ikkje minst, min personlege favoritt som var så hysterisk bra at eg måtte ha fysisk og psykisk behandling for å komme meg vidare i handlerunden:

  • Iphone – Ifpone (Ligna ikkje på ein Iphone i det heile tatt)

Om ein nokon gong skulle vere deprimert og lei seg, er det berre å slå opp på denne bloggposten og trøste seg med at det finst ein del kinesiske mobilprodusentar som er mykje tristare enn det du er.