Беларусь
27 Oct 2011
Som tittelen som du sikkert allereie har google-translata hintar til, så har me i Nyborg no vore på tur i Kviterussland for å spele europacup mot Metallurg Zhlobin. Her følgjer eit aldri så lite referat frå den overraskande bra turen.
Turen begynte med grytidlig fly som sjølvsagt vart forsinka. Heldigvis var det tåka på mellomlandinga i Frankfurt som var årsaken, derfor var også flyet vidare til Minsk forsinka. Me ankom Minsk omlag to timar seint. På førehand hadde me (les: eg) gjort oss opp noko usaklege og stereotype meiningar om korleis Kviterussland kom til å vere. Deprimerte folk, slitne fasadar med grelle fargar, paddeflatt land med 98% myr, kjernekraftverk overalt og med eit militært politi som ikkje tenker seg om to gongar før dei skyt deg i hovudet. Overraskande nok var alt (utanom det med politiet, heldigvis) skremmande nøyaktig.
Vårt første måltid tok me inn på Horizont, ein rådyr flyplassrestaurant. Der betalte me drøye halvannan million kviterussiske rublar for forrett og hovudrett til 14 mann. Det viste seg å vere snaue tusenlappen i norske kroner. Dette tenkte me var relativt billig, heilt til vår kviterussiske flyktninglagkamerat Andrej Khanevski, som ikkje turde vere med på turen i frykt for å bli heldt igjen (true story), opplyste om at me var blitt “svindla”. Me forsto altså no litt kor lista låg for prisar i Kviterussland.
Etter måltidet vart me geleida til ein buss som skulle skysse oss frå Minsk til Gomel, ein tur som ein rekna til å vere på omlag fem timar. Me frykta på førehand å vere stuck i ein gammal Soviet-buss, og frykten såg ut til å vere velbegrunna når me såg den utanfrå. På innsida viste den seg å vere reine tourbussen, med deilige seter og gode bord. På hovudbordet bakerst spelte me ørti runda BB på vegen fram og att, andre stader gjekk det i knotting på iFjøl og lytting til musikk.
Vel framme kjørte me, sidan me var forsinka, rett i hallen og trente. Me fekk ikkje trene i sjølve spelehallen, men vart forvist til ein sidehall som minna mest om gymsalen på Hatlestrand med unntak av høgare tak og meir plass. Greit nok. Så var det endeleg tid for å sjekke inn på Paradise Hotel Gomel! Det hadde me gleda oss til, og glede var stor då me endeleg fekk den gjeve nøkkelen i handa. Ivar flytta som vanleg inn på solo, me andre fekk oss partnar som me beholdt heilt til alle blei stemt heim igjen. Dagen etter. Standarden var for øvrig bra, flott bad og god seng. Eksepsjonelt ufyselige fargar på tapet og sengetøy var det einaste som trakk ned.Laurdag, kampdagen, innebar enkel frukost på hotellet og plaging av den stakkars ansatte som måtte hente sju glas juice til Bjelland. Så bar det avgårde på trening i kamphallen, ein scthøgg og trist, men ellers bra hall med god plass, greit dekke og deilig takhøgde. Slapp morgontrening vart etterfulgt av kjapp dusj på hotellet og påfølgjande lunsj på ein restaurant i nærleiken. Gåturen dit innebar sightseeing i Gomel. Resultata av det var ikkje det heile store, som ein kan sjå under.
Ut frå trådlausnettverket på staden heitte restauranten me var på Gril House. Deilig salat til forrett og digg kjøt og steikte poteter til hovudrett var imponerande. Spesielt når det kosta omlag 500 kroner for 14 stykk. Me gjekk tilbake, hadde kort lagmøte og konstaterte at me ikkje visste ein dritt om motstandaren og fekk deretter mat servert på rommet. Najs. So var det til slutt tid for å reise til hallen.
Kampen skal eg ikkje skrive så mykje om, då den etterkvart nok blir lagt ut på YouTube- kanalen min etterkvart. Etter ein nervøs start og 20-25 i første sett, rista me av oss nervane i andre sett og leika oss til 25-20. På dette tidspunktet var kampen heilt åpen. I tredje sett åpna me forrykande med 4-1 leiing, og det virka som om det gjekk opp for folk på tribuna at me faktisk kunne spele volleyball. Det var synd at når dette gjekk opp for dei, så slutta me å gjere det. Etter kvart låg me under 10-14, og me klarte ikkje hente oss inn igjen. 19-25. Fjerde sett blei ikkje mykje betre. Mottaket var ikkje det beste, og når det var det gjorde Zhlobin gode handlingar i forsvar og blokk. Etter kvart blei me utsett for to lange serverekker, og spesielt eit 19-årig udyr av ein diagonal som tydeleg har fått i seg ein del sur, radioaktiv nedbør med skumle biverknadar gjennom åra, serva oss i senk med hoppservane sine. 14-25, og ein relativ kjedelig slutt på ein ellers brukbar kamp. Sjansen er der absolutt i andre oppgjer, der får me også tilbake vårt eige Tsjernobyl- offer, Andrej. Kom og sjå på oss då vel! Kampen spelast søndag 30.10, kl 20.00 i Haukelandshallen.Me reiste tilbake til hotellet, dusja raskt og gjekk tilbake til Gril House og der stod maten klar til oss. Me måtte ete raskt, før me sette oss i bussen og dura avgårde i relativt uhyrlig tett tåke. Bussjåføren meinte likevel at mest mulig venting på flyplassen var naudsynt, og foretok noko herlig livstruande forbikøyringar. Det gjekk som det førebels alltid har gjort, bra. Resten av turen er relativt lite interessant, me sov, me åt for ein drøy million og deretter var det flyplasshelvete på Minsk, mellomlanding Frankfurt og deretter straka vegen til Bergen. Alt dette frå rundt kl 22 til 12, for min del omtrent utan søvn. Herlig svimete var eg då eg kom heim. Heldigvis visste Raad råd, og kvilte middag med meg! Takk for det.











