Livsteikn

No er det vel plutseleg snart to månadar sidan eg skreiv noko her sist. Då er det kanskje på tide å få ræva i gir og skrive litt om kva som hindrar meg i å gjere det eg likar aller minst, nemlig å blogge.

Eg har faktisk ikkje slutta, eg har berre ikkje hatt ork, tid eller interessant nok liv til å lage til ein tekst. Som vanleg. No vurderer eg det slik at det har skjedd nok nevneverdige ting til at eg kan føyse det saman i eit innlegg eller to. Blogginga mi er særdeles sporadisk, og det får ein berre leve med sjølv om eg forstår at det kan vere vanskelig for enkelte. Neida. Joda. Neida.

Sidan sist innlegg har eg begynt å gjere skule igjen, eg har faga MEVI103 og INFOMEVI201. Desse faga er relativt teoretiske og krever dermed ein del arbeid. Med andre ord kan eg konstatere at eg valgte feil fag å bruke dei frie studiepoenga mine på. Neida. Joda. Neida.

I tillegg til skule så er eg også i gjenge igjen med jobb. Alltid deilig å kunne ta seg ein kopp kaffi og kreve pengar frå folk som ikkje har betalt rekningane sine. Neida. Joda. Faktisk.

Og så var det det som eg kanskje brukar mest tid på, nemlig volleyball. Sesongen er godt i gong, og me har for øyeblikket fire strake sigrar, inkludert smud bortesiger mot gullrival Firdaposten med 3-1. Det gir oss kanskje eit psykologisk overtak vidare i sesongen. Me har no også spelt europacupkamp i Kviterussland, og referat og utfyllande latterliggjering av valutaen deira m.m kjem i eit eige innlegg. Ellers på volleyballsida har eg prøvd å hjelpe Janne Kongshavn med ny blogg. Den kan sjåast på jannekongshavn.com. den er som mange ser basert på det same temaet som pryda Kongshavn/Aas- bloggen. Det skal også seiast om bloggen at den blir særs mykje flittigare oppdatert enn min. Så om de er ute etter ein oppdatert volleyballblogg, kan de prøve lukka der. Eg legg ved eit bilete av laget vårt, som Frode Andersen har knipsa.

I mellom skule, jobb og volleyball får eg tid til litt andre ting. Ikkje berre er eg så heldig som får nyte kvalitetstid saman med min betre halvdel, nokon gongar har eg også høve til å utforske musikkverda på jakt etter noko nytt å høyre på. I den forbindelse er det nokre songar som peikar seg ut som over gjennomsnittet glimrande, og som eg må dele med dei som les dette for å gjere livet deira betre. Eg går som alltid ut frå at alle har Spotify, og oppfordrar herved sterkt til å prøve ut Throwing Stones av Shout Out Louds, Yesterday Was Hard on All Of Us av Fink (takk til House M.D for nok ei perle) og ikkje minst Red Paper Lanterns av Maybeshewill. Ellers er alt det beste nye eg har funne sjølvsagt lagt til på Ultimate Awesome- lista mi.

Ingen kommentarar

Legg att ein kommentar