Oi

Nok ein gong har eg forsømt oppdateringar av sida, som så utruleg mange ventar i spenning på (vel, det er løgn, 406 besøk på to månadar tydar vel ikkje akkurat på bloggtoppen med det første). Uansett, så skal eg summere opp dei to siste månadane i superkorte ordelag.

I byrjinga av november spelte me returkamp i europacupen, der det blei 1-3smell og tidleg exit. Helga etter var det innleiiande nordisk i Stemmemyren. Det endte slik:

Me skal spele sluttspel siste helga i januar, kvar me skal spele veit ingen. Ellers har me avansert til cupfinalen samt vunne alle våre seriekampar utanom heimekampen mot Førde, der dei blå vart aldeles for sterke for oss når me var utan to leggjarar og ein kviterussar. Neste gong skal me vinne. Neste gong er i cupfinalen, så det hadde passa greitt.

Elles har eg hatt to rimeleg stressande veker med skuleeksamen og overlappande heimeeksamenar. Det gjekk greit. I desember har eg jobba ein heil del med dette:

No ventar ferie. Medan eg gjorde dette


gjekk eg gjennom omlag 140 lokalaviser på jakt etter dei som publiserer dei beste lokalsakene (les: dei med minst reell nyhetsverdi). Eg enda opp med 14 aviser som eg vurderer som gode kjelder for lokalnytt. I jula kjem det som resultat antagelig ein post fullpakka med glimrande lokalnytt. Ein smakebit er frå Tidens Krav i Kristiansund. Kven er vel ikkje interessert i å lese om den rolige natta for politiet?

I forhold til jobbeperioden min er det også viktig å nemne at eg overlegent vann den uhøgtidlege god jul- konkurransen på jobb, der det var meininga å få folk (som me  først tvingar til å betale rekningane sine) til å sei god jul til oss. Eg enda opp på 12. Med sikkert omlag 400 telefonsamtaler bak meg på 15 dagar, er det vel trygt å seie at eg ikkje er den jevne nordmann sin besteven.

Ellers i jula kjem sjølvsagt også oppsummeringa av musikkåret 2011, med den musikken eg har høyrt mest på i løpet av året som gjekk, og mine spådommar for neste år. Så her er det berre å glede seg i jula. Sidan det er juletider, kan eg også nytte høvet til å ynskje alle som les dette ei særs god jul.

Ingen kommentarar

Legg att ein kommentar