Musikkåret 2011

Nok eit år går mot slutten, og med slutten av eit år, følgjer også oppsummeringa av musikkåret 2011. Eg har nok ein gong inspisert brukarprofilen min på Last.fm og funne ut kva det er eg har høyrt mest på i 2011.

10: “Nederst” på lista finn me den britiske singer-songwriteren Fink. Denne meget begava mannen vart oppdaga under episode 2 av sesong 8 av House M.D. Der bidrog han til å setje stemningen med fantastiske “Yesterday Was Hard On All Of Us“. Eg sjekka han nærmare ut, og det falt såpass i smak at han er no den mest spelte dei siste tre månadane. Kunne nådd mykje høgare om eg hadde oppdaga han før.

9: Eit nytt og friskt innslag på lista er det skotske indierock- bandet The Twilight Sad. Vanlegvis forbinder eg Twilight med bleike eller steroidebolte vampyrar eller varulvar eller whatever som begår overgrep på 17- åringar, men i denne samanhengen har det heldigvis svært lite samanheng. Bandet har ein dyktig vokalist og ein utruleg evne til å skape spesielle stemningar, noko som passar særskild godt til lange skriveøkter og andre ting som krever konsentrasjon og fred i sinnet over lengre periodar (les: meir enn fem minutt). Ein ting er sikkert, og det er at dei ikkje har fått plasseringa fordi dei er pene.

8: Nummer åtte er ein kjenning frå i fjor. Jeff Buckley, den avdøde, vidunderlig talentfulle singer-songwriteren, har imponerande nok heldt seg inne på lista etter den overlegne sigeren i fjor. Han er nok godt hjulpe av songar på mykje spelte spelelister, men det er heller lite som er betre enn litt magi frå denne mannen i melankolske augeblikk.

7: Sjuaren på lista vil nok vere svært kjent hos dei fleste, og unødvendig å introdusere. Førstealbumet til Coldplay, Parachutes, er eit kjært album for meg, og det har vorte grundig gjenoppdaga i år. I tillegg hadde eg to heimeeksamenar der Coldplay sin fulle diskografi var til stor hjelp, og tilsaman blei dette ein flott sjuandeplass på lista.

6: Mark Kozelek har ikkje gått av moten i 2011. Hans Sun Kil Moon held seg godt inne på lista, stort sett på grunn av albumet Admiral Fell Promises, der Kozelek er einaste bidragsytar, med sår stemme og praktfull nylonstreng-gitar. Denne plata åleine forsvarar plasseringa, og særskild er den fantastiske låta “Alesund”, som virkar å vere basert på Kozelek sine opplevingar på turnè i Ålesund, verd å sjekke ut.

5: Dette er ein godbit. Av ein eller annan grunn fekk ikkje postrockarane Explosions in the Sky frå Austin, Texas plass på lista i fjor. Dette er eit av mine absolutte favorittband. Med tre elektriske gitarar og ein kar på trommer, strømmar det ut fantastiske gitarkomposisjonar som får fram gåsehuden gong på gong. I tillegg har dei skreve eit glimrande soundtrack for ein av mine favorittfilmar, “Friday Night Lights”. Anbefalast! “Your Hand In Mine“, er ein god introduksjon.

4: Plass nummer tre og fire på lista har likegodt havna på nøyaktig likt antall avspelingar, så eg får ta eit val av kven som kjem på pallen og kven som ikkje gjer det. Eg omtalte den eg har valgt som nummer fire på lista i ein post tidlegare i år, og han har ikkje skuffa utover året. Singer-songwriteren Damien Jurado er ikkje ulik Mark Kozelek i sjanger og uttrykk, og sjølv om eg ikkje synst han er akkurat like god, er han vel verd fjerdeplassen. Flotte songar som “Everything Trying” og “Sheets” dannar grunnlaget for denne plasseringa.

3: I år er dei som har tatt meg aller mest med storm frå London, England. Dei har ein X-faktor som har vore vanskeleg å matche, og kva er vel då meir passande enn at gruppa har namnet The xx. Med debutalbumet “xx” har indie-popgruppa skutt rett til himmels både på statistikken min og generelt i musikkverda. Albumet, proppfulle av deilige melodiar som kan få sjølv den mest stressa trebarnsmor til å slappe av om kveldane, er elska av kritikarane og sjølvsagt mykje viktigare elska av meg. The sky is the limit for denne gruppa, som arbeidar på andrealbumet som skal sleppast i 2012. Det einaste negative er at dei ser heilt jævlige ut alle saman.

2: I fjor inkluderte eg ei lita liste med namn som eg trudde ville dominere listene i år. God is an Astronaut var på den lista. Eg fekk rett. Dei irske postrockarane har fleire album som held skyhøg kvalitet, og det har eg verkeleg benytta meg av i år. Det har resultert i ein soleklar andreplass. Eg ser fram til fortsetjinga, og håpar på eit nytt album snarleg.

1: Dei mest avspelte i år var det vel liten tvil om. Med eit nytt, veldig bra album og samstundes eit arsenal av album med stor gjenhøyrsverdi har indierockarane i Death Cab for Cutie knust all motstand i år. Glimrande lyrikk og gode melodiar med evnen til å setje meg i ein spesiell stemning er ein vinnande kombinasjon for ein litt tafatt, nerdete og melankolsk anlagt tjuetoåring frå Ølve. Godt hjulpe av fleire songar på dei mest brukte spelelistene, samt mykje lytting til det nye albumet “Codes and Keys“, er Ben Gibbard og dei andre godgutane “vinnarane” av dette årets oppsummering.

Oppsummert ser lista altså slik ut:

2011 har bydd på mykje nytt og godt. Då er det berre å glede seg til 2012, om då ikkje verda går til helvete. Det er kjekt å forsøke å spå litt slik eg gjorde i fjor, så derfor forsøker eg meg igjen.

Maybeshewill – Engelsk instrumentalband som har levert kanskje årets beste album i “I Was Here For A Moment, Then I Was Gone“. Det spørs om det ikkje vil bli høyrt mykje på, og i tillegg har eg ikkje utforska dei tidligare albuma deira skikkelig.

The Temper Trap – Etter eg har høyrt førstealbumet “Conditions” sønder og saman, noko som vart belønna med sjuandeplass i fjor, er eg no ekstremt klar for andrealbumet. Etter Twitter-kontoen deira å dømme, burde det ikkje vere så altfor langt unna. Her er fallhøgda riktignok stor.

Metallica – Ikkje tale om at desse gutta går to år utan å vere på topp ti.

Det vart mykje masing no, men om du enda ikkje har mista interessa, oppfordrar eg gjerne til å kommentere eller like posten dersom du fann noko interessant her. Husk også at det beste av det beste alltid er tilstades på Ultimate Awesome- spelelista mi. Godt nyttår!