Siger

I helga spelte me cupfinale mot Førde. Den vart spelt i Domus Athletica i Oslo.

I fjor tapte me 2-3, men i år tok me revansj og etter ein susande blå start feide me etterkvart Førde av parketten. Me er det mest stabile laget i Noreg og i finalen fekk me betalt for det. Det er ikkje til å leggje skjul på at det var fantastisk deilig. Legg ved eit grylebilete av meg som Frode Andersen har vært så dum å gi frå seg rettighetene til ved å legge det ut på Facebook. Kampen i sin heilhet kjem nok ut på min jutub-kanal ganske snart.