Bra-ha i Praha

Den åttande februar sa eg til min ifølge nokon (sannsynlegvis eit overveldande fleirtal) betre halvdel Raad at NO! No tar eg deg med på sjukt dyr og ekstremt spontan tur til Praha. Dette sa Raad, imponert over kor ekstremt spontan og generøs eg var, sjølvsagt ja til, og to dagar seinare var me på flyet til hovudstaden i den kjekke republikken Tsjekkia, Praha!

Ok, det var kanskje ikkje heilt slik idèen til turen kom fram. Den sanne historia er at me ikkje visste heilt kva me kunne gje kvarandre i julepresang, derfor enda me opp på å gje kvarandre ein tur til Praha ein langweekend 10-13.februar. Storvegs. Og endeleg kom dagen for avreisa. Me fekk litt figurative kalde føtter då me troppa opp på Gardermoen og såg småfriske -12 grader på skjermen(dei same føtene vart etter kvart bokstavleg talt kalde), men me ignorerte det, boarda og laxa oss på nødutgangen. Då me kom fram, henta ein velkledd mann oss med ein plagsomt rein og luksuriøs doning. Det vart litt kleint for oss, som hadde huehår, joggebukser og ellers såg ut som 12- åringar. Vel framme på hotellet, var me godt nøgde med rom 606 . Eg gjekk på badet og konstaterte at dopapiret var bretta, og det var dermed openbart eit classy hotell.

Fredagskvelden gjekk for det meste med til å ta oss inn igjen etter den særs tidlege oppstandelsen tidligare på dagen. Eg må innrømme at eg slit med å huske noko minneverdig frå denne perioden. Me oppdaga at me kunne bestille mat til hotellrommet vårt, det gjorde me sjølvsagt. Ikkje eigentleg fordi me hadde mest lyst på akkurat den maten dei hadde, men når ein kan få maten på senga, så tar ein sjansen. På TV såg me den italienske Ted Mosby på ein italiensk kanal.

Den italienske Ted Mosby.

På laurdagen sto me opp utkvilte, åt ein overraskande delikat frukost og gjorde oss klare til ein dag downtown. Ute var det så kaldt at sjela mi måtte overtalast til å bli med. På vegen til sentrum tok me bilete. På ei bru. Me tok mange bilete på bruer. Det var noko med bruene som fekk oss til å ta bilete der ein heil del.

Her ser me Raad på ei bru.

"I'm on a bridge, muthaphucca"

Me hadde ikkje planlagt kva sjåverdigheter me skulle sjå, men Praha er greitt på den måten, plutselig rundt eit hjørne er det eit fantastisk byggverk bygd i ein eller annan funky tidsperiode, så me fekk plutselig sett ein del likevel. Me fann ut at det var greitt å gå opp i eit stort tårn, bygd i ein eller annan funky tidsperiode, med utsikt over mesteparten av byen, slik at me slapp å gå til alt. Nedanfor følgjer eit panoramabilete som dekkjar det meste.

Praharamabilete

Då kan me sei oss ferdige med sightseeinga. Sjølv om me stort sett hadde snudd lommeboka og tømt den på leit etter finansar til sjølve reisa, fann me på mirakuløst vis plass på budsjettet til å shoppe. Det enda heldigvis godt. Etter ein lang shoppingrunde var det endeleg duka for høgdepunktet for dagen, nemlig Vytopna Restaurant. Denne restauranten har eg gleda meg til å besøke, då dei på spenstig vis køyrer ein del av ordrane sine rundt på modelltog! Vytopna er ikkje det soleklare valet når ein er på jakt etter den beste og mest sofistikerte maten, men dersom det viktigaste kriteriet er å få servert drikka di på modelltog, er den heilt ypperleg. Me drakk ein øl, åt ein salat, tok bilete når toga køyrde forbi og sa oss nøgde med det.

Vel attende på hotellet nytta me den vederlagsfrie Wi-fien til å saumfare Tripadvisor etter dei smutaste, mest sofistikerte og romantiske restaurantane. Me enda opp på TGI Friday’s. Needless to say, så skjedde det ei avsporing av dei sjeldne i midten der ein stad. Kvar vår burger seinare fekk me smake på det nokså varierte taxilandskapet i Praha. For den samme turen me tidlegare hadde betalt drøye 20 kroner for, betalte me no brått 70. Ikkje akkurat store summar, men me rakk likevel å bli nokså bitre og veldig kalde.

Søndagen gjekk med til liknande bidniz. Me sørga for å få besøkt dei nærmaste kjøpesentra og dei lengste handlegatene. Når gode klesplagg kosta 10 kroner, var det verdt å snu alle steinar og risikere krampe i beina. På eitt av kjøpesentra oppdaga underteikna bowling. Eg, som gler meg til å bli pensjonist og kunne bowle kvar dag, var nokså klar for å bowle litt. Raad var ikkje like klar. Ho åtvara meg på førehand om mogleg frustrasjon og sinne. Men med si lange erfaring som betre halvdel leste ho trist kvalp-blikket mitt ypperleg, og blei med. Me gjekk først heimom hotellet og fresha oss opp og laxa litt. Tre rundar bowling, ein øl kvar og ustyrtelig rimelige 120 kroner seinare, sa me oss nøgde. Den siste runden var Raad bitter og i smerter, så der bowla eg for begge. Nedanfor ser ein bilete av oss i bowlande tilstand.

Raad stempla meg som bowlingsoss som følgje av beinstillinga.

Raad hadde også stil.

Etter dette fann me vegen til restauranten me hadde valgt ut for kvelden, Artisan Restaurant. Valget fell på denne grunna at den var omtrent næraste nabo til hotellet. Dette sparte oss for ein del frostskadar. Slik såg det utanfor.

Eg valte ei filosofisk tilnærming til restauranten.

Besøket blei ei god oppleving. Menyen inneheldt mange ord me ikkje forstod, og fleire av dei gjorde oss nokså bekymra. Me køyrde litt safe, Raad kjøpte kylling med ris, spinat, og ein deilig saus. Eg kjøpte ein hakket meir sofistiskert burger enn dagen før. Likevel følte eg meg litt teit der eg satt. Her kunne eg velje mellom kultiverte ting, som til dømes filetert uer bada i rødvinssaus og anrika uran (det kan ha vore noko anna som stod på menyen), men gjekk for.. hamburger.

Med nokon øl og litt dessert i magen rulla me tilbake til hotellet. Dette var stort sett det siste minneverdige me tok oss til på turen. Dagen etter gjekk med til utsjekk frå hotellet, innsjekk på flyplass, flytur saman med skilandslaget og Jon Michelet og så kunne me til slutt leggje oss i sofaen i Lægdene 10B, vel vitande om at meg og Raad sin første ferietur utan føresette hadde enda godt.

Me vil gjerne anbefale stort sett alt det me gjorde. Spesielt å ta bilete på bruene. Alle som reiser til Praha bør ta bilete på bruene der.

Dette er eit anna bilete me tok på ei bru.