Meir film

Eg har laga ein ny volleyballfilm. Denne gongen frå World Cup i Japan 2011.

Nok ein gong har eg brukt for mykje tid på dette, men det viser seg stadig at å finne flotte volleyballhandlingar og musikk og å setje dette saman til ein film er god rekreasjon når eg har nokre timar til overs.

Eg har igjen brukt God is an Astronaut til musikk. Eg har eigentleg lyst å bruke noko anna, men eg finn liksom ikkje noko som passar. Dei japanske produsentane hadde tydelegvis ikkje budsjett til super slow motion- kamera, så produksjonen var dessverre ikkje like god som på World League Final Eight. Likevel blei det nokon estetisk fine og sportslig imponerande lookaway- linjesmashar, stygge singelblokker og brutale tremeterangrep.

Filmen er tre minuttar og førtitre sekundar lang, så dette skulle det vere mulig å setje av tid til.

Snurr film.